Sosiale media er ingen aprilspøk

Sosiale media jump onEr du av dei som ikkje har heilt trua på sosiale media? Er du av den oppfatning at organisasjonar ikkje treng å bruke sosiale media? Meiner du det er tilstrekkelig å konsentrere seg om tradisjonelle media? Då er du i ferd med å bli utdatert. Du må ikkje vere i sosiale media, men det er ikkje særleg smart av deg.

Tradisjonelle vs sosiale media?

Du har sikkert høyrt det før og er lei av maset. Du er overtydd om at redaksjonelle media er dei viktigaste kanalane og sosiale media er noko nytt for spesielt interesserte. Eg må skuffe deg og seie at du tar feil. Sosiale media er ikkje lenger noko nytt. Det gir ikkje meining å snakke om kva som er viktigast av tradisjonelle og sosiale media, fordi dei er blitt så tett samanvevde. Nyhendene i dag utviklar seg på tvers av tradisjonelle og sosiale media.

Paralellbruk

På TV ser du knapt eit program som ikkje har ein emneknagg til diskusjon i sosiale kanalar. Nettavisene har delingsknappar til sosiale kanalar og sakene blir minst like mykje diskutert i sosiale media som i kommentarfelta. Det vanlige er parallellbruk av tradisjonelle og sosiale media, i alle fall blant dei unge. Stadig meir av det redaksjonelle innhaldet er plukka opp frå sosiale media. Sjølv i papiravisene ser du bilete frå lesarane via Instagram.

Mest tid på sosiale media

Kva med brukarane, lesaren, deg og meg? Jo vi brukar mykje meir tid på sosiale media enn på tradisjonelle media. Den tida vi bruker på Facebook utgjer meir enn tida vi brukar på alle nettavisene til saman. Stadig fleire les dessutan nyheiter via sosiale kanalar. Dette er ei utfordring for nettavisene som ønskjer å halde på lesaren i si avis. I stadenfor les brukaren artikkelen inne på Facebook eller via Twitter og scrollar vidare i sin Facebook-feed eller går tilbake for å finne meir nytt i sin Twitter-feed. Brukarvanene fører til at tradisjonelle media i større grad må bruke sosiale media for å bli lest, sett eller høyrt, og konkurransen om lesarane/sjåarane skjer i sosiale media.

Bedrifter og organisasjonar

Kva med bedrifter og organisajonar? Dei må vel ikkje vere på sosiale media? Jo, din organisasjon bør definitivt ta i bruk sosiale media. Det er ikkje nok å konsentrere seg berre om einvegs informasjon på nettsida. Ein ting er at sosiale kanalar hjelper deg å få trafikk til nettstaden og nye kundar, det er så. Viktigare er det at du er til stades og lytter, for folk prater om din organisasjon om du er der eller ikkje. Då kan det vere greit å følge med på kva som blir sagt og kunne svare for seg. Her kan du korrigere det som blir sagt av journalister eller andre som omtalar deg. Du kan korrigere faktafeil og få nye perspektiver inn i debatten. I krisesituasjonar er det truleg avgjerande å vere i sosiale kanalar. Organisasjonar bør difor vere i sosiale media, det same bør leiarane.

Vi har alltid tatt i bruk nye media

Det har skjedd ei rivande medieutvikling dei siste ti-femten åra. Mediehistoria kort oppsummert før år 2000 var ein til mange kommunikasjon, der vi var passive mottakarar av informasjon. Dei siste åra har vi gått over til mange til mange kommunikasjon, der alle kan delta. Dette er ikkje lenger eit nytt fenomen og tida vil ikkje bli skrudd tilbake.  Det har heile tida kome nye media og ny teknologi som gjennom historien har endra våre brukarvaner. Telegrafen, telefonen, grammofonen, fotografiet, film, radio, TV og Internett.

Sosiale media er neppe ein aprilspøk!

Advertisements

Lik og del

Lik og delLik og del dette innlegget! Då kan du vinne ein iPad, ei reise eller eit måleri. Du har kanskje deltatt i slike konkurranser?

Nyleg oppretta eg ei Facebook-side til ein kollega av meg som også er forfattar. Sist laurdag var eg ikkje på nett heile ettermiddagen, fordi eg skulle sjå ein fotballkamp i opptak. Når eg sjekka nettet på kvelden kvapp eg. Han hadde satt i gang ein ulovleg konkurranse. Lik og del sida og du er med i trekninga av mi nye bok. Eg ringte han og orienterte om at dette var i strid med Facebook sitt reglement. Han visste ikkje dette og det var attpåtil forlaget som hadde foreslått at han skulle gjere det. Truleg viste dei det ikkje heller. Han handla i god tru. Eg fekk raskt endra konkurransen slik at den var innanfor det som er lov.

Lik og del er spam
For ei kort tid sidan såg eg same brotet på reglementet frå ein lokal kunstnar som ville marknadsføre sida si. Stadig vekk ser eg venner liker og deler konkurranser. Eg har sett meg lei på desse konkurransane, fordi  eg synes det er spam. Eg vil ikkje ha ein feed med spam, og det er du som deler konkurransane som spammer meg. For algoritmane til Facebook er, svært enkelt forklart, slik at når mine venner engasjerer seg i eit innlegg, så får eg det i min feed også.

Mange trur sikkert det er lov å like og dele, men det bryt mot Facebook sine reglar. Facebook må ta ein stor del av skulda for dette sjølv, då dei stort sett ikkje reagerer mot dei som bryt reglane. At vanlege folk som nyleg har tatt i bruk Facebook gjer dette når dei opprettar ei side, synes eg ikkje er rart. Dei ser at andre gjer det og trur difor det er lov.

Verre er det når eit reklamebyrå eller konsulentselskap står bak ei side som bryt reglane for å få fleire likes. Då er det mangel på grunnleggande kunnskap du sjølvsagt skal kjenne til. I nokre tilfeller bryt selskapa truleg medvite reglane fordi dei veit at sannsynlegvis vil ikkje Facebook reagere likevel. Då er det ikkje ein seriøs aktør som marknadsfører sida di.

Kva er lov og ikkje?

Dette er ikkje lov:

  • Det er ikkje lov å be folk like og dele sida di i ein konkurranse.
  • Det er ikkje lov å be folk dele ein konkurranse.
  • Det er ikkje lov å tagge andre personar i ein konkurranse.

Dette er lov:

  • Det er lov å be folk like eller kommentere ditt innlegg for å delta i ein konkurranse.
  • Det er også lov å be deltakarane publisere noko på sida di eller sende ei melding.
  • Du kan skrive at konkurransen er berre for våre følgarar (ein måte å få likes på).

Rapporter ulovlige konkurransar
Kva kan vi gjere for å bli kvitt ulovlege konkurransar? Jo, vi kan alle rapportere sider som bryter konkurransereglane. Facebook gjorde i 2014 sjølv grep for å få ned talet på lik og del konkuranser, ved å gjere postane mindre synlege. Korleis det har fungert veit eg ikkje, men er det nok folk som liker og  deler blir det synleg uansett.

Når Facebook sjølv ikkje tar nok tak i dette, kan vi gjere det for dei. Det gjorde eg nylig når eg rapporterte ei side som tydelig braut reglane og som truleg i tillegg lokka med falske premiar. Det som var lite brukarvenleg var at Facebook ikkje hadde ein rapportfunksjon for ulovlege konkurransar på sjølve posten. Det endte med at eg rapporterte posten for innhald av plagsom og dårlig humor. Vel, Facebook fjerna sida, så sjølv om det ikkje var intuitivt, så nytta det. Det er enklare å rapportere ei side, for då får du valet «rapporter for spam og svindel».

For guds skuld, ikkje lik og del dette innlegget.

 

 

 

Content marketing – what?

Det er mykje snakk om content marketing for tida. Det er tydeligvis så vanskelig å oversette til norsk at det er nesten ingen som våger å seie innhaldsmarknadsføring. Ein grunn til at dei ikkje kallar ein spade for ein spade er kanskje at konsulentbransjen (innanfor reklame, marknadsføring og kommunikasjon) gjer det dei kan for å anglifisere språket, slik at målgruppene ikkje skal skjøne noko som helst og media skal føle at deira posisjon er trua?

Content Marketing Cloud

For content marketing, som du truleg allereie har gløymt kva betyr på norsk sidan eg gjentok det engelske ordet, er det kanskje smart. For det første skal du lage nyttig innhald som målgruppa ikkje skal forstå at eigentlig er skjult reklame for selskapet. Selskapet skal bygge tillit ved hjelp av verdiaukande innhald mot målgruppa i håp om at det skal føre til eit kjøp på sikt. Dette er ei form for omdømebygging eller merkevarebygging med nytt namn, men det er jo viktig med nye uforståelige buzz-ord, berre for å skape buzz. Ok, eg skal slutte å vere satirisk, men må framleis vere litt kritisk.

Undersøking stadfestar forvirring
Hovudfunna frå årets undersøking om content marketing frå TNS Gallup/Medialounge stadfestar min mistanke om at det rår ei total forvirring om kva content marketing er. Fordekt reklame, historieforteljing og relevant brukarinnhald blir trekt fram når ulike interessentgrupper skal beskrive kva det handlar om. Vi kan jo stille spørsmål om bransjen kan greie å skape nyttig innhald når dei ikkje klarer å få ut bodskapen om kva content marketing er.

Kva er så definisjonen på content marketing? Vi spør Wikipedia:

«Innholdsmarkedsføring (på engelsk content marketing) er en strategi for markedsføring som går ut på å produsere innhold som er av interesse for personer som bedriften definerer som potensielle kunder. Innholdsmarkedsføring etterligner ofte journalistikk og bruker ofte journalistisk utrykkform for å skape interesse.»

Javel, då veit vi det. Då veit vi at dette ikkje er noko nytt. Det er med andre ord ein nettartikkel, ein blogg, ein video eller ein tweet  som for eksempel framsnakkar din bedrift eller ditt fag, utan å selge noko produkt til deg direkte. Før buzzen kom kalte vi dette informasjon eller kommunikasjon for å bygge omdømme eller merkevare. Vi kan slå fast at marknadsførarane har plukka opp nokre triks frå kommunikatørane.

Tekstreklame eller ikkje?
I eigne kanalar er jo content marketing uproblematisk, då er det ikkje tvil om kven som er avsendar. Content marketing blir først ei utfordring når det skal presenterast i kjøpte eller fortente kanalar. Det vil skje fordi få vil lukkast i eigne kanalar og media ønskjer annonseinntekter.  Då er det er avgjerande at det er tydelig merka som sponsa innhald i for eksempel nettavisene og ved deling i sosiale media, og det er avgjerande at  det ikkje blir forveksla med redaksjonell omtale. Tekstreklame er  som kjent ikkje lov, men content marketing er jo ikkje reklame hevdar dei som buzzar, det er berre nyttig innhald på målgruppa sine premissar.

Reklamebransjens søskenbarn, kommunikasjonsbransjen har i alle år tilbudt media informasjonssubsidier – du selger inn ei sak som media har interesse for og får redaksjonell omtale som gir mykje betre gjennomslagskraft enn tradisjonell reklame. Det vil i praksis seie at media får servert ei redaksjonell sak ferdig laga. Kjærkomment og arbeidsbesparande for travle redaksjonar, sjølv om dei hevdar at dei ikkje likar det. Media har eit særskilt ansvar for å vere kjeldekritiske når dei mottar tips eller materiale frå profesjonelle informasjonsleverandørar.

Fleire utfordringar
Det er altså noko liknande marknadsførarar no ønskjer å få til med content marketing – bruke journalistiske grep for å fortelje sine historier.

I Lotteri- og stiftelsestilsynet, der eg arbeider avdekka vi hausten 2013 at mange norske bloggar inneheld ulovleg marknadsføring av utanlandske spelsider, kamuflert som «redaksjonell omtale». Vi fann at mange av omtalene var så like at det ser ut til at det er ferdige manuskript som bloggarane postar mot betaling.

Marknadsføringslova innheld prinsipp om at all reklame skal vere utforma slik at det framstår som reklame. Reklamen skal då ikkje skjulast som personlege meiningar gjennom for eksempel eit blogginnlegg. Dessutan seier tekstreklameplakaten at omtale av eit produkt eller ei teneste skal vere journalistisk motivert og presentasjonsforma må vere slik at stoffet ikkje blir oppfatta som reklamebodskap. Det er då klart at media har sine utfordringar med å presentere content marketing i sine kanalar.

Media har ansvaret
Dette er ei utfordring for mediehusa, som grunna fallande annonseinntekter må tenke nytt. Sjølv om content marketing skal vere merka som reklame, vil det oppstå utfordringar og gråsoner for media. Nedskjæringar i redaksjonane, og bruk av frilansjournalistar kan gjere det vanskeligare å sjå grensa mellom kva som er redaksjonelt innhald og kva som er tekstreklame. Grensa blir i beste fall enno meir utydelig enn i dag, i verste fall trugar det pressa si rolle og demokratiet.

Til sjuande og sist er det likevel media sjølv som har ansvaret for å utøve god kjeldekritikk og tydelig skilje redaksjonelt innhald og tekstreklame. Sagt med andre ord – lesaren skal aldri vere i tvil om det er uavhengig journalistikk eller tekstreklame initiert av kommersielle aktørar.

Eg trur eg har skjønt kva content marketing er, men eg er søren ikkje heilt sikker. Truleg vil nokon meine eg har misforstått totalt. Er det klart for deg kva content marketing er?


Oppdatert
PS: Etter å ha skrive dette innlegget i går kveld og publisert i dag tidleg vart eg oppmerksom på ein god kronikk av Frida Marie Grande på Kampanje.no frå 18. mars. Takk Frida, endelig ei god avklaring på kva content marketing er. Ho peikar på det same som meg – vi må rydde i begrepa for at folk skal forstå kva content marketing er. Deretter kan vi diskutere det viktige – media sitt ansvar og tekstreklameplakaten.

Er det greit med anonym satire?

Sosiale Medier Eliten

Sosiale Medier Eliten på Twitter

Personen bak Sosiale Medier Eliten er avslørt. Det har vel alle som er interessert i sosiale media fått med seg. Diskusjonen har sidan avsløringa gått heftig både på Facebook og Twitter om det var rett å avsløre vedkomande og om det var rett måte å avsløre vedkomande på. Den saka håpar eg vi er ferdig med, det er i allefall eg, men caset er interessant å diskutere vidare.

Hans Petter Nygård Hansen var mannen som avslørte Sosiale Medier Eliten. Han skriv at han synes Sosiale Medier Eliten til tider har vore på grensa til mobbing. Les hans refleksjoner etter avsløringa.

Satire er vanskelig og ligg heile tida på grensa i og med at det handlar om å gjere narr av, ironi og latterliggjering. Eit spørsmål som er interessant å diskutere vidare er om det er greit med anonym satire eller ikkje.

Kva er satire?
Først må vi sjå kva satire er. Her er Wikipedia sin definisjon:

«Satire er vittig spott, det vil si en forteller- eller kunstform som kritiserer eller kommenterer mennesker, samfunn, politikk, fenomener og tanker i samtida på en humoristisk og poengtert måte. Satiren bruker gjerne ironi, grove overdrivelser og karikaturer for å latterliggjøre og synliggjøre svakheter ved systemene eller gjøre narr av menneskenes laster og skrøpeligheter. Satire kan være reint underholdende eller brukes som politisk kampmiddel og omfatter alt fra spydige kommentarer og vitser til refsende pamfletter og store diktverk. En god satire kan derfor ha en viktig frigjørende funksjon i samfunnets regulering av makt.»

Ut i frå definisjonen på satire seier det seg sjølv at ballansen mellom satire og uthenging, netthets eller mobbing er hårfin. Det er ei vanskelig forteljarform og fallgruva kan vere stor.

Kan du gøyme deg bak eit pseudonym?
Er det greit å vere anonym på nett? Det er ein stor diskusjon, men mitt utgangspunkt er at det er greitt. Balansegangen er vanskelig, men om den som skriv bak eit pseudonym er anstendig og i stand til å beklage om vedkomande har gått over streken, så ser eg ingen problem med det.

Å vere anonym på nett er ikkje noko nytt. Det finnes mange eksempel på dei som har god grunn til å vere anonyme og som oppfører seg bra. Så lenge folk i all hovudsak er anstendige i sin kommunikasjon, så meiner eg at vi ikkje kan krevje å kjenne til identiteten til personen bak eit pseudonym. Det kan vere ulike årsaker til at folk ønskjer å vere anonyme, det synes eg vi bør respektere.

Argumenta mot anonymitet er som regel at:

  • Fullt namn reduserer sjikane og gjer at folk skikkar seg betre.
  • Du bør stå for di meining i alle samanhengar. Alle bør vite kven dei snakkar med.

Likevel ser vi mange eksempel på at folk sjikanerar og trollar med fullt namn. Vi ser også fleire eksempel på at anonyme diskuterer saklig. Dessutan er det i mange samanhengar eit grunnfesta prinsipp at folk skal kunne gjere sine meiningar gjeldane, utan å måtte svare for sine standpunkt. Det er faktisk eit demokratisk prinsipp i Norge. Anbefalt lesing om dette:

Caset Sosiale Medier Eliten
Eg synes Sosiale Medier Eliten i all hovudsak har vore ein relevant og krass kritikar av eit fagmiljø som kanskje har hatt ein tendens til å bli litt «høge på seg sjølv». Då siktar eg til gjentakande «halleluja-rop» om sosiale media frå det som gjerne blir kalla «Menigheten». Det er mykje god fagkunnskap som blir delt, men det er også mykje som har blitt hausa fram utan fagleg tyngde, kritisk blikk eller særleg empiri. Eg trur Sosiale Medier Eliten har bidratt til at det er færre udokumenterte påstandar og at kommunikasjonen i fagmiljøet har blitt betre.

Det er klart at det er fristande å drive satire mot bransjen. @KjellTech er eit godt eksempel på ein som driv god satire og harselas mot blant anna #SoMe-bransjen. Mystikken om kven som står bak Sosiale Medier Eliten (@someliten på Twitter) har nok vore viktig for at dei har lukkast. Eg trur ikkje dei ville lukkast like bra om folk visste kven som stod bak. Kanskje satiren då i større grad ville blitt sett på som personangrep enn når den var anonym?

Personlig har eg humra mykje over Sosiale Medier Eliten. Eg synes dei har drive god satire. Eg har ikkje oppfatta dei som direkte ufine. Eg har sjølvsagt ikkje sett alle deira tweets eller lest alle deira innlegg, men eg har sett mykje – og det meste har vore bra.

Noko har nok vore heilt på kanten, og noko har kanskje vore overtråkk. Det kjem fram i debatten som har gått den siste tida. Satire er som sagt ein vanskeleg balansegang. Det er klart at når nokon føler seg tråkka på, uthengt eller mobba, så har det gått for langt. Sosiale Medier Eliten hadde gjort klokt i, etter Social Media Days 2015, å beklage at dei gjekk over streken i enkelte tilfelle. Dei la seg lagelig til for hogg, som vi seier i Sunnfjord, og eg synes ikkje synd på mannen som no er avslørt – slik at det er sagt. Beklage må du kunne gjere, like mykje om du er anonym eller offentlig.

Synes du det er greit med anonym satire?

Storebror ser deg

Pixabay.com - merket for gjenbruk i Google.

Pixabay.com – merket for gjenbruk i Google.

Eg har magiske auge og kan sjå alt pappa! Det seier storebror på fire og eit halvt år, heime hos oss. Det er ikkje den einaste storebroren som kan sjå alt. Facebook, Google, SnapChat, og Instagram ser dine bevegelsar. Det same gjer Finn, DnB og mange fleire.

Tidlegare har eg skrive at personvernet står sterkt i Norge. Det gjer forsåvidt det, vi har strenge personvernlover. Men det hjelper oss ikkje når vi ukritisk samtykker i at våre applikasjonar kan dele vår informasjon med andre. Personvernet vaklar i Norge.

Er vi for ukritiske?

Storebror ser deg definitivt. Det kalles for Big Data. Datatinnsamling for å målrette annonser mot deg. Det er kanskje bra? Det er kjekt at du kan sjå det som interesserar deg på Facebook, og ikkje alt det andre søppelet. Det er bra å få  på tilbod akkurat dei varene du likar frå Coop, og ikkje dadlar og bringebærrullade. Men veit vi kva som blir konsekvensane om nokre år? Datamengda om deg og meg veks til nye høgder. Kva kan vere risikoen?

Eg har sjølv vore rimelig avslappa og ukritisk til dette.  Javel, dei samlar inn informasjon, men eg har ingenting å skjule. Fleire tenker nok som meg, men vi er truleg naive. Vi skal ikkje så mange år tilbake då folk hadde sett på dette som svært krenkande overvaking og spionasje. Kan hende vi lever i ei boble som vil sprekke før eller seinare? Har inntoget av sosiale media gjort oss sløve? Dæven, det tenkte eg ikkje på, seier vi når bobla sprekk.

Det kan bli farlig

Har du tilgang til VG +, bør du lese denne artikkelen. Den viser kor mykje storebror veit om deg ut frå kryssinformasjon av spor du legg frå deg på internett og analyse av desse dataane. Det vert brukt til mellom anna målretta annonsering og politisk påverkning. Du blir analysert ned på detaljnivå. Dei ser din politiske ståstad, din seksuelle legning, din religion og din personligheit. Det er ikkje alle stader i verden det er trygt at folk veit kva tru, politisk ståstad og seksuell legning du har. Då kan det bli farlig.

Det er sjølvsagt stor fare for identitetstjuveri og hacking. Eg er ingen ekspert, men når vi veit at Instagram ikkje krypterer sine data, kan ein datakyndig person på same trådlause nettverk svært enkelt kople seg på kontoen din. Då hjelper det lite at du beskytter bildene dine bak eit passord. Likevel bruker vi Instagram ukritisk.

Ja, storebror har definitivt magiske auger. Det er ingen tvil om det, spesielt om du legg frå deg spor. Vil du sjå eit godt døme på korleis storebror Google gjer dette, bør du lese Hans Petter Nygård Hansen sin artikkel Google ser og følger deg. Den gir deg også oppskrifta på korleis du kan hindre Google i å gjere dette.

Telefaxen er ikkje død

Skal vi tru Sparebanken Vest lever telefaxen i beste velgåande.  Dei ber meg i ein e-post om å sende ein fax fordi:

«vi anser e-post som ein usikker kommunikasjonskanal.»

Det er sjelden eg bruker mi forbrukarmakt, men denne måtte eg berre dele. Er det verkeleg slik ute i bankane at eit vedlegg til e-post er meir usikkert enn fax?

SPV

 

 

 

 

 

Mitt svar til banken?

«Alvorlig? Fax? Finnes det enda? Ok, tar heller en tur i banken.»

Så kryssar eg fingrane for at personlig frammøte framleis er ein sikker kommunikasjonskanal:)

 

 

Juleønske – bedre #sosialemedier

Ei digital kulturreiseTildlegare i desember har eg gjerne skrive om «korleis var sosiale medier i året som gjekk» eller «slik blir trendane neste år». I år skal eg heller lire ut litt frustrasjon om noko av det som er dårlig med dei ulike sosiale nettverka. Dei får for mykje skryt likevel og har absolutt forbedringspotensial. Eg ønsker meg litt bedre tenester til jul.

Facebook kjem til å spamme deg med enno meir reklame neste år. Men dei skal ikkje få kritikk for det , for det er mest di eiga skyld. Slik blir det når du klikker liker. Det irriterer meg at Facebook endå ikkje har på plass ei enkel rutine for at sider med meir enn 200 følgarar enkelt kan byte navn. Eller rettare sagt, funksjonen er nok på plass, men dei ønsker sannsynlegvis å ta betalt for tenesta. Og så bør Facebook finne ei løysing for å overvåke og slå ned på brota på konkurransereglane du ser dagleg. Å sette inn ressursar burde dei ha råd til. Facebook er dessutan direkte dårlige på geolokasjon og endrar alt for ofte på sine algoritmar.

Twitter prøver så mykje å nærme seg Facebook at dei er i ferd med å miste sin identitet. Feeden er ikkje lenger kronolgisk men filtrert, i tillegg har reklamen gjort sitt inntog. Favoritt knappen blir i større grad brukt som liker-knapp . Eg er redd for at det blir verre i 2015. Twitter har alltid vore min favoritt, no er eg ikkje så sikker lenger.

LinkedIn er sørgelig dårlige på mange funksjoner. At dei er håplause på å målrette aktuelle stillingar seier det meste, det er jo ei av hovudoppgåvene deira. Mobilapplikasjonen har mange manglar ved publisering og redigering.

Instagram ser ut til å ha fått ein nedtur, i allefall er det mindre aktivitet i min feed. Kanskje er det fordi dei som velger å ha privat konto ikkje kan delta i #bildekonkurranser. Kor vanskelig kan det vere å få på plass ein funksjon som skiller mellom å dele bildet offentlig eller privat? Dessuten saknar eg ein enkel måte å administrere fleire kontoar frå mobil.

Google + er utruleg nok framleis for spesielt interesserte. Google la til rette for integrering med søk og kommentarar på YouTube, utan at det ser ut til å ha hjelpt dei. Er det nokon som framleis har trua på gigantfloppen?

Foursquare er i motsetning til Facebook gode på geolokasjon. Men eg likte dei betre når dei hadde berre ein applikasjon.

Ello kom som eit friskt protestrop mot Big Data og store aktørar som spammar oss målretta med reklame. Ello døydde dessverre like fort og ser no ut som ein spøkelsesby.

Wonderloop vart hausa opp lenge før Ello, men er slik eg ser det også ein spøkelsesby. Når du kjem inn blir du mest handlingslamma. Kva skal du eigentlig finne på her?

Kva med Pinterest og Vine? Eg veit ikkje for eg kutta dei ut for halvanna år sidan og har ikkje vore frista til å prøve på ny.

Snapchat er moro, men har for dårlig kvalitet på kameraet. Og det er spesielt irriterande med reklame på Snapchat.