Når sosiale media blir klistremerker og fjas

Foursquare logoIkkje alle nye funksjonar på sosiale media har særleg nytteverdi. Mange av oppdateringane som kjem i dei ulike appane er for dei spesielt interesserte, dei sære, dei barnslige eller for nerdane.

Det er spennande å sjå nye oppdateringar frå ulike sosiale applikasjonar. Ofte er funksjonane utviklarane har arbeida med gode forbetringar, men ikkje sjelden er det stikk motsett.  Her er eit par dømer.

Klistremerkebok for vaksne

Foursquare kombinert med Swarm er ein innsjekkingsapp der du kan anbefale vener gode restauranter, treningssenter, ulike attraksjonar og så videre. Det er ein mykje betre lokasjonsapplikasjon enn for eksempel Facebook sine stadstenester, men den er lite i bruk. Det veit du når du blir «Mayor of Svalbard Airport Longyear» etter å ha sjekka inn for første gong eller «Mayor of IKEA Åsane» etter å ha sjekka inn for tredje gong. Når du er Mayor får du ei krone på hovudet slik at du ser ut som ein konge. Litt barnslig eller?

Dette er ikkje den einaste premien du får på Foursquare. Du får nye merker etter kvart som du sjekkar inn fleire plassar, som du kan legge til innsjekkingane dine. Akkurat slik som barn får klistremerker når dei sluttar med smokk eller bleier.  I tillegg får du virtuelle medaljer og kan konkurrere om flest innsjekkingar i ein tidsperiode.

Etter at Foursquare vart to applikasjoner ser det ut som dette er strategien for å få nye brukarar. Målgruppa må vere slik eg forstår det nerdar (slike som meg), folk som aldri blir heilt vaksne (slike som meg) og dei med eit enorm konkurranseinstinkt (slike som meg). Men nytteverdi i dei nye funksjonane? Absolutt ikkje. Gode tips frå vener om restauranter og liknande? Berre om du har vener som brukar tenesta, dei fleste har ikkje det. Stort sett finn du berre #SoMe-nerdar på Foursquare.

Snapchat med sære oppdateringar

Snapchat logoSnapChat oppdaterte nyleg appen sin der dei no krev betalt av for at du skal sjå eit bilde på ny.

Mykje  verre var den andre oppdateringa dei kom med på same tid. Du kan ta ein sjølvie (selfie) og velje funksjonar der du for eksempel kan bli gamal, bli eit monster, eller spy ein regnboge. Så byter dei med nye variantar. Eg skjønar ikkje kva Snapchat tenker på. Det er moro omtrent ein times tid så er du lei, i alle fall eg.

No er det nok yngre folk enn meg som er hovudmålgruppa til Snapchat, men eg kan ikkje skjøne at tenesta vinn noko på desse oppdateringane. Har dette nytteverdi for brukarane til Snapchat? Eg har mine tvil. Kanskje blir eg aldri heilt vaksen, men dette vart barnslig sjølv for meg.

Det skal bli spennande å sjå korleis ulike bedrifter og mediehus som nyttar Snapchat vil ta desse nye oppdateringane i bruk. Personleg har eg aldri hatt særleg trua på Snapchat som marknadsføringskanal. Det inntrykket har no forsterka seg.

 

 

Twitter beveger seg vekk frå 140 teikn

Det har skjedd mange endringar på Twitter det siste året. Litt for mykje etter min smak. Det kan virke som Twitter prøver å nærme seg Facebook så mykje at dei er i ferd med å miste sin identitet. På kort tid har det skjedd fleire endringar, bl.a:

  • Feeden er ikkje lenger kronologisk, men filtrert.
  • Favorittknappen blir i større grad brukt som likerknapp.
  • Reklamen har gjort sitt inntog.

Det siste no er at Twitter lausriver seg litt frå 140 teikn ved at du kan kommentere andre sin tweet når du retvitrer. Tidlegare kunne du berre retvitre slik at tweeten til opphavsmann eller kvinne viste på nytt, eller eventuelt retvitre som sitat (på mobil) der du måtte holde deg innanfor 140 teikn. Etter den nye funksjonen kan du gjere dette:

Lykke til Randi                 Den nye funksjonen Twitter kom med tidlegare i veka erstatter sitatfunksjonen. No kan du retvitre andre sin opprinnelige tweet med eigne kommentarar på 140 nye teikn. Det vil seie at det du skriv kjem fram i tillegg til eit embedda bilde av opprinnnelig tweet. Det vil i praksis seie at du kan kommentere ein tweet med ein ny tweet og har slik sett dobbelt tal teikn til rådigheit.

Nokon synes nok funksjonen er ei forbetring, medan andre vil meine det motsette. Så gjenstår det å sjå om dette er starten på at Twitter etterkvart går vekk frå 140 teikn. Kva synes du om den nye funksjonen?

 

Snapchat med emojis

Snapchat emojisHar du oppdatert Snapchat-appen din? Det gjorde eg i går og då dukka forsyne meg den nye farsotten emojis eller emoticons også opp der. Desse dukker opp i lista over sendte snapper ved siden av personens navn.

Pass deg for skeivt glis

Techcrunch har laga ei oversikt over kva dei nye symbola betyr. Her er ei kort oppsummering:

  • Hjarte = bestevenn
  • Grimase = din bestevenn er vedkomandes besteven
  • Solbriller = ein av dine bestevenar er ein av vedkomande sine bestevenar
  • Skeivt glis = du er vedkomandes beste venn, men vedkomande er ikkje din
  • Smilefjes = ein av dine beste vener
  • Flamme = du og denne personen har sendt bilete fram og tilbake fleire dagar. Tal dagar kjem opp.

 

Tatt vekk ein funksjon og lagt til ein ny

I same oppdateringa kjem Snapchat med ei etterlengta forbetring på kameraet, som for å seie det pent ikkje har vore bra. Er du i eit mørkt rom kjem det opp eit halvmåne-symbol som du kan trykke på for å få lysare skjerm. Så gjenstår det å sjå kor mykje betre kameraet blir av oppdateringa.

Dessutan har Snapchat fjerna den gamle funksjonen der alle dine følgarar kunne sjå kven du utveksla flest bilder med.

 

Storebror ser deg

Pixabay.com - merket for gjenbruk i Google.

Pixabay.com – merket for gjenbruk i Google.

Eg har magiske auge og kan sjå alt pappa! Det seier storebror på fire og eit halvt år, heime hos oss. Det er ikkje den einaste storebroren som kan sjå alt. Facebook, Google, SnapChat, og Instagram ser dine bevegelsar. Det same gjer Finn, DnB og mange fleire.

Tidlegare har eg skrive at personvernet står sterkt i Norge. Det gjer forsåvidt det, vi har strenge personvernlover. Men det hjelper oss ikkje når vi ukritisk samtykker i at våre applikasjonar kan dele vår informasjon med andre. Personvernet vaklar i Norge.

Er vi for ukritiske?

Storebror ser deg definitivt. Det kalles for Big Data. Datatinnsamling for å målrette annonser mot deg. Det er kanskje bra? Det er kjekt at du kan sjå det som interesserar deg på Facebook, og ikkje alt det andre søppelet. Det er bra å få  på tilbod akkurat dei varene du likar frå Coop, og ikkje dadlar og bringebærrullade. Men veit vi kva som blir konsekvensane om nokre år? Datamengda om deg og meg veks til nye høgder. Kva kan vere risikoen?

Eg har sjølv vore rimelig avslappa og ukritisk til dette.  Javel, dei samlar inn informasjon, men eg har ingenting å skjule. Fleire tenker nok som meg, men vi er truleg naive. Vi skal ikkje så mange år tilbake då folk hadde sett på dette som svært krenkande overvaking og spionasje. Kan hende vi lever i ei boble som vil sprekke før eller seinare? Har inntoget av sosiale media gjort oss sløve? Dæven, det tenkte eg ikkje på, seier vi når bobla sprekk.

Det kan bli farlig

Har du tilgang til VG +, bør du lese denne artikkelen. Den viser kor mykje storebror veit om deg ut frå kryssinformasjon av spor du legg frå deg på internett og analyse av desse dataane. Det vert brukt til mellom anna målretta annonsering og politisk påverkning. Du blir analysert ned på detaljnivå. Dei ser din politiske ståstad, din seksuelle legning, din religion og din personligheit. Det er ikkje alle stader i verden det er trygt at folk veit kva tru, politisk ståstad og seksuell legning du har. Då kan det bli farlig.

Det er sjølvsagt stor fare for identitetstjuveri og hacking. Eg er ingen ekspert, men når vi veit at Instagram ikkje krypterer sine data, kan ein datakyndig person på same trådlause nettverk svært enkelt kople seg på kontoen din. Då hjelper det lite at du beskytter bildene dine bak eit passord. Likevel bruker vi Instagram ukritisk.

Ja, storebror har definitivt magiske auger. Det er ingen tvil om det, spesielt om du legg frå deg spor. Vil du sjå eit godt døme på korleis storebror Google gjer dette, bør du lese Hans Petter Nygård Hansen sin artikkel Google ser og følger deg. Den gir deg også oppskrifta på korleis du kan hindre Google i å gjere dette.

Telefaxen er ikkje død

Skal vi tru Sparebanken Vest lever telefaxen i beste velgåande.  Dei ber meg i ein e-post om å sende ein fax fordi:

«vi anser e-post som ein usikker kommunikasjonskanal.»

Det er sjelden eg bruker mi forbrukarmakt, men denne måtte eg berre dele. Er det verkeleg slik ute i bankane at eit vedlegg til e-post er meir usikkert enn fax?

SPV

 

 

 

 

 

Mitt svar til banken?

«Alvorlig? Fax? Finnes det enda? Ok, tar heller en tur i banken.»

Så kryssar eg fingrane for at personlig frammøte framleis er ein sikker kommunikasjonskanal:)

 

 

Ny app for Facebook-grupper

Facebook Groups

Facebook Groups

Grupper er den funksjonen eg og mange andre bruker Facebook mest til. Åpne grupper, lukka grupper og hemmelige grupper. Alt til sitt bruk. Eg bruker grupper til blant anna å diskutere fag, ha kontakt med studievenner, administrere fotballtrening, og kjøp og sal.

No har Facebook lansert Facebook Groups. Appen gir ei enklare oversikt over kva grupper du er medlem i og den anbefaler nye grupper ut i frå kvar du bur, dine interesser og grupper dine venner deltar i.

Det er ein fin app som gir ei god oversikt over dine grupper. Eg fann ut at eg var knytt til 29 ulike grupper, mange fleire enn eg trudde. Dessutan fann eg ei ny gruppe eg ville følge umiddelbart. Gruppene dine blir mykje meir oversiktlig i den nye appen enn dei er på Facebook. Dessutan kan du enkelt sjekke om du ufrivillig er lagt til ei Facebookgruppe, for det skjer, noko eg har skrive om her. No håpar eg LinkedIn følgjer etter og lagar sin gruppeapplikasjon.

Rubitin – appen for fotballnerder

RubitinManU

Illustrasjon: Omar Momani.

Er du fotballnerd? Då er kanskje appen Rubitin noko for deg.  I Modalen, ei lita bygd i Hordaland, utviklar Lars Ørjan Nese nye appar. Mannen bak #polljabber, er no ute med ei ny app for fjas og moro. Denne gong retta direkte mot fotballfolket.

Gni det inn
Namnet #Rubitin  («Rub it in») seier det meste om appen. Det er enkelt og greit ein app der du kan hovere når favorittlaget til kompisane dine taper, eller irritere dei same når ditt favorittlag vinn.

I korte trekk er det ein meldingsapp der du kan diskutere fotball eller irritere dei som held med eit anna lag enn deg sjølv. Alle brukarane må velge seg eit favorittlag. Når du sender melding til eit lag vil alle som held med det laget få meldinga. Appen har også fire ulike emoticons, som viser stemninga du er i når du postar på ein humoristisk måte. Du kan også sende eigne bilder.

Er det ok med trolling?
Trolling og netthets er ikkje greit i mine auge, det er viktig å presisere. Difor er valet med å lage ein app som er til for å irritere og trolle litt dristig. Eg synes likevel det er innanfor i tilfellet Rubitin, då det er med glimt i auget og dette er heilt vanleg i supporterkulturen. Kanskje like greit at dette skjer i ein eigen app og ikkje i andre kanalar, sjølv om du også kan velge å dele meldingar på Facebook og Twitter. For mange av dine Facebook-venner er nok fotball berre støy og spam, så kanskje er det greit å ha ein meldingsapp der du kan bråke med berre dei som synes dette er moro. Ankepunktet er at vi har eit hav av meldingstenester, det har eg skrive litt om før. Er det plass til fleire, eller har vi nådd eit metningspunkt?

RubitinYMWA

Illustrasjon: Omar Momani.

Du må ha Facebook-konto for å kunne nytte deg av appen og det er lagt enkelt til rette for å invitere Facebook-venner via appen. Appen har også si eiga Facebook-side. Rubitin har 17-års aldersgrense og er tilgjengelig både for iOS og Android. Sjå teaser under.