Når sosiale media blir klistremerker og fjas

Foursquare logoIkkje alle nye funksjonar på sosiale media har særleg nytteverdi. Mange av oppdateringane som kjem i dei ulike appane er for dei spesielt interesserte, dei sære, dei barnslige eller for nerdane.

Det er spennande å sjå nye oppdateringar frå ulike sosiale applikasjonar. Ofte er funksjonane utviklarane har arbeida med gode forbetringar, men ikkje sjelden er det stikk motsett.  Her er eit par dømer.

Klistremerkebok for vaksne

Foursquare kombinert med Swarm er ein innsjekkingsapp der du kan anbefale vener gode restauranter, treningssenter, ulike attraksjonar og så videre. Det er ein mykje betre lokasjonsapplikasjon enn for eksempel Facebook sine stadstenester, men den er lite i bruk. Det veit du når du blir «Mayor of Svalbard Airport Longyear» etter å ha sjekka inn for første gong eller «Mayor of IKEA Åsane» etter å ha sjekka inn for tredje gong. Når du er Mayor får du ei krone på hovudet slik at du ser ut som ein konge. Litt barnslig eller?

Dette er ikkje den einaste premien du får på Foursquare. Du får nye merker etter kvart som du sjekkar inn fleire plassar, som du kan legge til innsjekkingane dine. Akkurat slik som barn får klistremerker når dei sluttar med smokk eller bleier.  I tillegg får du virtuelle medaljer og kan konkurrere om flest innsjekkingar i ein tidsperiode.

Etter at Foursquare vart to applikasjoner ser det ut som dette er strategien for å få nye brukarar. Målgruppa må vere slik eg forstår det nerdar (slike som meg), folk som aldri blir heilt vaksne (slike som meg) og dei med eit enorm konkurranseinstinkt (slike som meg). Men nytteverdi i dei nye funksjonane? Absolutt ikkje. Gode tips frå vener om restauranter og liknande? Berre om du har vener som brukar tenesta, dei fleste har ikkje det. Stort sett finn du berre #SoMe-nerdar på Foursquare.

Snapchat med sære oppdateringar

Snapchat logoSnapChat oppdaterte nyleg appen sin der dei no krev betalt av for at du skal sjå eit bilde på ny.

Mykje  verre var den andre oppdateringa dei kom med på same tid. Du kan ta ein sjølvie (selfie) og velje funksjonar der du for eksempel kan bli gamal, bli eit monster, eller spy ein regnboge. Så byter dei med nye variantar. Eg skjønar ikkje kva Snapchat tenker på. Det er moro omtrent ein times tid så er du lei, i alle fall eg.

No er det nok yngre folk enn meg som er hovudmålgruppa til Snapchat, men eg kan ikkje skjøne at tenesta vinn noko på desse oppdateringane. Har dette nytteverdi for brukarane til Snapchat? Eg har mine tvil. Kanskje blir eg aldri heilt vaksen, men dette vart barnslig sjølv for meg.

Det skal bli spennande å sjå korleis ulike bedrifter og mediehus som nyttar Snapchat vil ta desse nye oppdateringane i bruk. Personleg har eg aldri hatt særleg trua på Snapchat som marknadsføringskanal. Det inntrykket har no forsterka seg.

 

 

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s