Korleis rapportere falske konkurransar Facebook?

Korleis kan vi rapportere konkurransar som truleg er falske eller bryt med retningslinjene til Facebook? Facebook legg svært dårlig til rette for at brukarane kan rapportere typiske lik og del konkurransar med falske premiar etc. Eg har tidlegare skrive om at lik og del bryt med Facebook sine konkurranse reglar. Facebook gjorde også grep i 2014 for å gjere desse konkurransane mindre synlege. Korleis det har fungert veit eg ikkje, men når det er så vanskeleg å rapportere konkurransar tvilar eg på dei har gjort noko særleg med problematikken.

Korleis rapportere konkurransen?

Vi gjer eit forsøk. Facebook sida «Sommer og Hytte» har ingen informasjon om seg sjølv, dei viser ikkje til noko nettadresse eller registrert firma. Truleg er dette ein falsk profil som no har fått over 12.000 følgjarar på grunn av ein falsk konkurranse der «premien» er eit luksus sommarhus. Du kan vinne ved å like sida og dele konkurransen.

Ok, er du litt kjeldekritisk bør du rapportere dette som ein falsk konkurranse til Facebook. Det bør vel vere lett? Vi prøver å rapportere konkurransen.

sommerhytte 1

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi klikker på «jeg liker ikke dette innlegget» og får då opp fire nye val.

sommerhytte 2

 

 

 

 

 

 

Rapporterer du som «spam» og deretter «dette er en falsk brukeronto» får du tips fra Facebook om at det du kan gjere er å slutte å følge sida. Velger du «jeg mener dette ikke hører hjemme på Facebook» får du fem nye val, der ingen tar for seg ulovlege konkurransar.

sommerhytte3

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her vil dei fleste velge «noe annet» og då kjem det opp ei ny liste med fem nye punkt som heller ikkje passer.

sommerhytte 4

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Du må no gå tilbake (til bilde nummer 3) og prøve å velge på ny. Det du skal velge er at det er «upassende, irriterende eller usmakelig». Først då får du lov å  rapportere til Facebook for gjennomgang, men du får ikkje legge til kva det faktisk gjeld. Du sitter då igjen og lurer på om Facebook veit kva du har rapportert. Er det berre eg som synes dette er lite intuitivt?

Korleis rapportere sida?

La oss prøve å rapportere sida. Det er kanskje enklare?

sommerhytte5

 

Rapporterer du som spam eller svindel får du også her beskjed om at du kan skjule alt frå sida. Vi prøver difor å rapportere at det ikkje høyrer heime på Facebook.

sommerhytte6

 

 

 

 

 

 

Då får du opp fire nye val som ikkje handlar om konkurransar nokon av dei. Skal Facebook gå gjennom sida må du velge «den trakasserer meg eller noen jeg kjenner». Det passer dårlig med det du faktisk skal rapportere.

Konklusjonen er at det er så lite brukavenleg å rapportere sider på Facebook at eg tvilar på særleg mange gidder. Det er altså framleis fritt fram for ulovlige konkurransar. Så fortsett å lik og del, men ikkje forvent nokon gevinst.

Lurer du forresten på svaret frå Facebook?

sommerhytte8

 

 

 

 

 

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s