Sosiale media er ein flopp

b2c86-social-media-istock_000016121256xsmallDer er forbløffande å registrere korleis sjølvoppnemde framtidsforskarar og dataekspertar overser det fundamentale sosiale element hos mennesket. Alle veit at vi menneske er skapt slik at vi ikkje ønskjer å forholde oss til ein PC heile dagen. Det vi ønskjer er å kommunisere med andre levande vesen. Spesielt gjeld dette menneska som arbeider med PC på jobben. Dei ønskjer slett ikkje å bruke ei maskin til å kommunisere med omverda når dei kjem heim.  Vi vil heller ikkje sitte heime og utføre jobben vår, uten kommunikasjon med eit kollegialt arbeidsmiljø. Slikt «fjernarbeid» vil difor aldri bli særskilt utbredt, men framleis vere ein ubetydelig avart.

Menneske vil alltid knytte seg til eit sosialt felles miljø, fordi det høyrer til dei basale haldningar og behov vi er skapt med. Desse vil ikkje forandre seg nevneverdig, til trass for PCèn. Når vi skal bestille bilettar eller reise, så vil vi snakke med eit levande menneske, ikkje taste på ei maskin. Når vi leiger vår video vil vi besøke utleigaren og velge visuelle omgjevnader. Shopping vil vi gjere ved å besøke eit levande miljø i butikkane, ikkje sitte heime og bestille varer. Vi greier ikkje å snakke med eksterne familiemedlemmar eller venner via ein PC, så lenge vi kan ringe eller besøke dei. Vi vil ikkje lese aviser, fag eller skjønnlitteraur ved å «bla» på ei datamaskin, men ved å kjenne boka i våre eigne hender. Vi får det vi trenger via trykte media, radio og TV.

Det var ein fleip

Orda i dei to første avsnitta er som du kanskje allereie har resonnert deg fram til, ikkje mine. Det er eit utdrag frå Leif Osvold sin kommentar i  Dagens Næringsliv ein augustdag i 1996, omskrive til nynorsk. Han har heilt sikkert fått ufortent mykje tyn for det. Til hans forsvar, var det nok mange som trudde som han den gong. Osvold var ein dårleg spåmann, men vi må sjå det i samanheng med tida vi levde i, og at få (om nokon) kunne sjå for seg den rivande medie- og teknologiutviklinga vi har sett. Det er lett å le av kommentaren i ettertid, men kanskje sat du den gong med kaffekoppen og nikka samtykkjande. Osvold er ikkje den første som har spådd feil og heller ikkje den siste.

Det eg synes er meir merkelig er at det framleis er folk som meiner at sosiale media er ein flopp. Sjølv i dag må eg overbevise enkelte om at dei har ein verdi og er kome for å bli. Eg synes dessutan det er merkelig at store deler av mediebransjen sverger til gamle forretningsmodellar der papiravisa framleis er den viktigaste. Det er berre irriterande å lese ei PDF-utgåve av papiravisa uansett om du les på mobil, nettbrett eller PC. Det er også irriterande at dei svergar til kvar si digitale betalingsløysing og  ikkje kjem opp med ei felles betalingsløysing slik musikk, film og TV-bransjen har greidd. Sosiale media har skapt ein delingskultur og er ein stor trafikkdrivar. Då kan du ikkje gøyme vekk innhaldet bak betalingsmurar med urimelig høge prisar. At Leif Osvold bomma i sin spådom den gong berre ein prosent av oss brukte internett heime, synes eg ikkje er så rart. Det er mykje verre at mediebransjen så lenge har sverga til gamle forretningsmodellar at dei no finn seg sjølv i ei mediekrise. Dei sverga til papiravisa 15 år etter Osvold sin spådom, utan å gjere særleg andre grep enn å ha ei nettavis i tillegg. Det dei i praksis gjorde var å sjå på internett og sosiale media som ein flopp, noko dei no får smertelig erfare.

Sosiale media og web 2.0 har rysta mediebransjen på ein måte dei ikkje hadde forventa. Konsekvensen er papiravisas fall og tapte reklameinntekter på nett. Sosiale media og web 2.0 er ein disruptiv innovasjon då dei er enklare, billegare og meir praktiske enn dei etablerte produkta. Dette er no mediebransjen sitt store hovudbry. Skal dei løyse utfordringa må dei aller først lausrive seg frå sine gamle forretningsmodellar.

Advertisements

4 thoughts on “Sosiale media er ein flopp

  1. En relasjon online kan ha de samme kvalifikasjoner og endringspotensialer som en relasjon offline. Anerkjennelsen av det faktum er en av de største barrierer for bruken av nettets muligheter innenfor mange fagområder.
    Psykolog Kit Lisbeth Jensen
    psykologonline.net

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s