Slik blir Facebook i 2015

FacebookVi er blitt så glade i Facebook at vi ikkje greier å slå opp med nettgiganten. For tida florerer det med statusoppdateringar på Facebook der folk reserverer seg mot dei nye retningslinjene og krever kontroll over sin opphavsrett. Det hjelper deg ikkje , for Facebook gir deg ikkje noko val. Vil du framleis vere med, så må du godta dei nye retningslinjene. Og det har du gjort, om du brukar Facebook etter nyttårsaften.

Kva er endringane?
Skal vi tru Facebook så hjelper dei deg og meg til å  å forstå Facebook bedre og  vil hjelpe deg med korleis du kan ta kontroll over eigen informasjon. Det har dei gjort ved å oppdatere retningslinjene sine slik at det er enkelt å sette seg inn i korleis det fungerer. Det skal dei ha ros for, det er rimelig greit å lese dei nye retningslinjene, som også er korta ned frå 9000 ord til 2700 ord. Slik har dei gjort informasjon om tenesta enklare for brukarane.

Samtidig gjer dei endringar som gjer det endå lettare å få tilgang til din informasjon og målrette annonser mot deg. Det er det sjølvsagt utelukkande kommersielle motiv bak, og det bør ikkje overraske nokon. Men det er også meir brukarvenleg, då dei styrer annonser du truleg har interesse av til deg. Dei er ikkje aleine om dette. Målretta annonsering ved bruk av Big Data er det store nye. Facebook gjer det, Google gjer det, ja til og med din Coop-butikk gjer det.

Personvernet står sterkt i Norge
Grunner til at folk reagerer er sjølvsagt personvernet. Kor mykje skal vi godta at Facebook samler inn av informasjon  om oss? Personvernet står sterkt i Norge. Facebook ser dine statusopdtateringar, samtaler i grupper og bilder du er tagga i. Dei samlar kort og godt inn all informasjon du legg frå deg på Facebook.

Bruker du sosiale programtillegg, eller applikasjonar som er knytt opp mot Facebook gir du frå deg informasjon om din offentlige profil og di venneliste til desse programtillegga. Det kan skje ved at du loggar på ei nettside via din Facebook-konto, legger til ein applikasjon på tidslinja, eller går inn på eit spel.

Men husk at det er du sjølv som bestemmer kven som kan lese dine statusoppdateringar og anna informasjon på din profil. Du kan og blokkere uønska reklame. Det du ikkje kan kontrollere er kva informasjon Facebook selger til sine annonsørar. Slik er spelereglane, så lenge nettsamfunnet blir finansiert gjennom annonseinntekter.

Det er forbrukermakta som gjeld
Til sjuande og sist er det likevel forbrukarmakta som gjeld. Men det hjelper ikkje å proklamere at du reserverer deg mot retningslinjene. Då må du rett og slett slå opp med Facebook. Det kjem ikkje eg eller du til å gjere, for vi er blitt for glade i Facebook.

Skulle du likevel vere tøff nok til å gjere det, så kan du melde deg inn i Ello. Ello er eit nytt nettsamfunn som i protest mot Facebook garanterer at dei ikkje vil bruke dine personopplysningar eller ta i bruk reklame.

 

 

 

Advertisements

One thought on “Slik blir Facebook i 2015

  1. Tilbakeping: Storebror ser deg | bjornleirdal.info

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s