Du blir neppe dum av mobilen

ThinkKva gjorde vi før smartelefonen? Kva tenkte vi på når vi såg i veggen ved frukostbordet? Kva tenkte vi på når vi satt på bussen til jobb? Kva tenkte vi på når vi stirra ut i haustmørket? Ole Johannes Øvretveit har skrive ein bra kommentar i Firda nyleg om den gong han tenkte. Er det slik at vi har gløymt å tenke fordi vi har ein mobil å fylle kvar kjedelige stund med?

Det er sjølvsagt ei viss fare for at mobilen kan vere fordummande, gjere deg asosial og ikkje gi deg tid til å tenke. Men brukar du ikkje mobilen er sjansen kanskje vel så stor for at du vil bli ute av stand til å tenke? Då heng du neppe med i tida, og vil ikkje vere i stand til å delta i diskusjonar som opptar mange. Då ville du truleg sitte å tenke på kor var det eigentlig eg datt av lasset?

Thomas Moen skreiv nyleg ein blogg som var fin å reflektere over. Den handlar om foreldre og sosiale medier. Korleis kan foreldre vere i stand til å oppdra sine barn digitalt om dei sjølv skygger unna sosiale medier, nettspel, og ulike dingsar. Det er eit foreldreansvar å lære barna dine nettvett og ta del i den digitale oppdragelsen.

Nettet er meir enn det mange meiner er meinigslause oppdateringar på Facebook, som «snufs no har eg fått influensa igjen», «pannekaker med flesk til middag», og bilder av nyvaska hus og nypynta småtroll. Nettet er også ei utømmelig  kjelde til kunnskap. I sosiale medier deler folk raust av sin kunnskap. Det er berre å teste ut.

Så slapp av. Mobilen gjer deg neppe dum, du blir mest truleg litt klokare. Og du har sannsynlegvis mykje meir å tenke på enn før.

 

 

Advertisements

2 thoughts on “Du blir neppe dum av mobilen

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s