Vi har aldri lest alt

Underteikna skumles:)

Underteikna skumles:)

Har du nokon gong skumlest ein artikkel, eller skumlest avisa? Har du diskutert ei sak du berre har skumlest? Ja, vi har vel alle gjort det. Det bør du slutte med, for no blir du avslørt.

Vi har aldri lest alt innhald
Nesten ingen leser alt lenger, skriver Hans Petter Nygård Hansen i sin siste blogg og viser til at folk deler og kommenterer uten å ha lest artikkelen. Tittelen blir litt feil for meg, fordi eg meiner det alltid har vore slik. Vi har aldri lest alt. Forskjellen er berre at no kan det målast. Alt kan målast i vår digitale kvardag.

Å skumlese betyr å lese raskt for å få med seg hovudinnhaldet. Vi har alltid skumlest og med dagens informasjonsflaum skumles vi truleg meir enn nokon gong. Det er heilt naturlig. Mange har også kasta seg inn i diskusjonar rundt ein artikkel utan å ha lese alt. Det ligg i menneskets natur. Men det er fort å trakke i salaten om du kaster deg på ein diskusjon i sosiale medier utan å ha lese innhaldet først.

Les før du kommenterer
Vi ser daglig at folk blir med på diskusjonar i sosiale medier utan å ha lest innhaldet først. Det tar seg dårlig ut når du stiller spørsmål som allereie er svart ut i artikkelen diskusjonen handlar om. Endå verre er det når du kjem med sterke meiningar du truleg hadde moderert om du kjente innhaldet. Difor bør du lese innhaldet før du kommenterer.

Huffington Post omtalar ei stor undersøking der Buzzsumo har analysert kva innhald som blir mest delt. Det viser seg at lange artiklar blir delt meir en korte artiklar, blant anna fordi dei har mindre konkurranse – fleire skriv kort enn langt.

Eit par  hypoteser
Om  vi skal lage eit par hypotester ut i frå undersøkinga til Buzzsumo og analysen til Hans Petter Nygård Hansen må dei bli slik:

  • Folk deler og kommenterer flest lange artiklar fordi dei vil vere synlege, framstå som kloke og bygge eige omdøme/merkevare. Men dei les ikkje artikkelen.
  • Folk synes lengre artiklar er meir interresante, truleg fordi dei bygger på meir empiri og mindre fjas. Dei greier fint å ta ut essensen utan å lese heile artikkelen.

Det hadde vore interessant å sjå ein studie om kvifor brukarvanene er som dei er. Eg trur begge hypotesene over er noko av grunnen til at folk deler og kommenterer utan å lese alt. Men det er sikkert fleire grunnar.

Opplært til å skumlese
Då eg studerte PR og kommunikasjon for nokre år sidan lærte vi kunsten å skumlese ein rapport eller ei undersøking på få minutt. Det lærte vi fordi vi raskt skulle stille til TV-intervju og svare for innhaldet. Då les du oppsummering, konklusjon og kanskje nokre andre vesentlige detaljar.

I dag veks barn og unge opp med ein informasjonsflaum som blir delt i eit hav av ulike sosiale kanalar. Kampen om merksemda deira er enorm. Dei lærer seg heilt andre brukarvaner enn vi hadde og du skal treffe godt for at dei skal lese nettopp din artikkel. Truleg skumles dei unge meir enn nokon gong før.

Kva meiner du?
Personlig deler eg eller kommenterer aldri utan å ha lese minimum essensen av innhaldet. Artiklar og bloggar les eg som regel i sin heilskap før eg deler eller kommenterer. Undersøkingar og rapportar kan eg dele og kommentere utan å ha lest alt, men då tar eg gjerne det som eit atterhald.

Ellers så er kunsten å bygge opp ein artikkel avgjerande for meg. Eg dett fort av om eg kjedar meg. Difor synes eg at utgangspunktet for ein artikkel bør vere kort og relevant. Om forfattaren gjentar seg sjølv sluttar eg å lese, men eg blir med heile vegen om vedkomande greier å disponere artikkelen rett og halde på mi interesse.

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s