Rubitin – appen for fotballnerder

RubitinManU

Illustrasjon: Omar Momani.

Er du fotballnerd? Då er kanskje appen Rubitin noko for deg.  I Modalen, ei lita bygd i Hordaland, utviklar Lars Ørjan Nese nye appar. Mannen bak #polljabber, er no ute med ei ny app for fjas og moro. Denne gong retta direkte mot fotballfolket.

Gni det inn
Namnet #Rubitin  («Rub it in») seier det meste om appen. Det er enkelt og greit ein app der du kan hovere når favorittlaget til kompisane dine taper, eller irritere dei same når ditt favorittlag vinn.

I korte trekk er det ein meldingsapp der du kan diskutere fotball eller irritere dei som held med eit anna lag enn deg sjølv. Alle brukarane må velge seg eit favorittlag. Når du sender melding til eit lag vil alle som held med det laget få meldinga. Appen har også fire ulike emoticons, som viser stemninga du er i når du postar på ein humoristisk måte. Du kan også sende eigne bilder.

Er det ok med trolling?
Trolling og netthets er ikkje greit i mine auge, det er viktig å presisere. Difor er valet med å lage ein app som er til for å irritere og trolle litt dristig. Eg synes likevel det er innanfor i tilfellet Rubitin, då det er med glimt i auget og dette er heilt vanleg i supporterkulturen. Kanskje like greit at dette skjer i ein eigen app og ikkje i andre kanalar, sjølv om du også kan velge å dele meldingar på Facebook og Twitter. For mange av dine Facebook-venner er nok fotball berre støy og spam, så kanskje er det greit å ha ein meldingsapp der du kan bråke med berre dei som synes dette er moro. Ankepunktet er at vi har eit hav av meldingstenester, det har eg skrive litt om før. Er det plass til fleire, eller har vi nådd eit metningspunkt?

RubitinYMWA

Illustrasjon: Omar Momani.

Du må ha Facebook-konto for å kunne nytte deg av appen og det er lagt enkelt til rette for å invitere Facebook-venner via appen. Appen har også si eiga Facebook-side. Rubitin har 17-års aldersgrense og er tilgjengelig både for iOS og Android. Sjå teaser under.

 

 

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s