Ello er eit protestrop

Ello-SkjermbildeEllo er den store hypen som visst nok får 30.000 nye brukarar i timen. At dei lover å vere fri for reklame og ikkje selge dine data til tredjepart gjorde meg nysgjerrig. Eg måtte berre teste og i kveld har eg brukt ein time på det nye sosiale nettverket.

Lite intuitivt
Førsteinntrykket er viktig. Det første eg tenkte var at nettverket var lite intuitivt. Det var ikkje rett fram og forstå funksjonaliteten. Kanskje noko på grunn av den minimalistiske stilen, og trulig fordi det er ein betaversjon. Eg tilgir førsteinntrykket. Det tok ikkje meir enn nokre minutter før eg forstod funksjonaliteten, men sekunder ville vore betre.

Liker idéen
Vi er alle godtruande i vår daglige bruk av sosiale medier.  Facebook og Instagram forbeholder seg retten til å bruke dine bilder og vi aksepterer ukritisk lange uforståelige personvernavhandlinger. Slik er det blitt og det er få som misser nattesøvnen av dette. Eg trur likevel mange meiner dei store sosiale nettverka tar seg litt for godt til rette, og nettopp derfor er forretninsgidèen til Ello god. Ello er eit protestrop mot Google, Facebook og andre store nettaktørar som bruker våre data til å spamme oss med produkter. Den enorme veksten må jo bygge på at protesten blir tatt godt i mot.

Eit blaff?
Det kan godt hende Ello er eit blaff slik Ståle Lindblad skriv i sin blogg. Mest truleg har han rett, fordi eg vanskelig kan sjå korleis Ello kan holde på sin forretningsidé og samtidig tene penger. Ein eller anna form for reklame vil nok tvinge seg fram. Funksjonaliteten til Ello er ikkje noko revolusjonerande. Den minner om både Facebook, Twitter og Google +. Ello har tatt til seg litt frå alle. Det vi kan håpe er at Ello lukkast med å sette søkelyset på korleis dei store selskapa bruker Big Data og at sosiale nettverk først og fremst er for mennesker og ikkje bedrifter og deira aksjonærar.

 

 

Advertisements

2 thoughts on “Ello er eit protestrop

  1. Tilbakeping: Ting jeg liker i oktober – Bablbot

  2. Tilbakeping: Slik blir Facebook i 2015 | bjornleirdal.info

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s