Kva gjer ein kommunikasjonsrådgivar?

Bilde av meg sjølv frå eit seminar i regi av kommunikasjonsforeningen.

Det spørsmålet får eg ofte frå vener og kjente. I går kom spørsmålet frå møteleiaren på eit flott arrangement der mediefolk og kommunikatørar i Sogn og Fjordane debatterte om kommunikatørar er ein propp eller døropnar for journalistar. Det overraska meg ikkje at spørsmålet om kva vi jobbar med kom, for eg har inntrykk av at mange journalistar ikkje veit heilt kva vi held på med.

Er vi eit demokratisk problem?
Media trekker stadig fram at det er eit demokratisk problem at kommunikasjonsbransjen no tel over 4000 tilsette i Norge. I ein slik samanheng kan det ofte virke som media meiner at alle desse kommunikatørane jobber med mediekontakt og er delvis til hinder for at pressa får tak i dei rette folka til å uttale seg, eller polerer på informasjonen som kjem ut. Mange pressefolk greier ikkje å skille kommunikasjonsbransjens mangfald. Dei fleste kommunikatørar arbeider i hovudsak med heilt andre ting enn lobbyisme og mediepåvirkning, som vi kjenner først og fremst frå PR-byråa. Media er berre ei av fleire brukargrupper ein organisasjon må forholde seg til.

Kva gjer ein kommunikasjonsrådgivar i staten?
Ein typisk kommunikasjonsrådgivar i staten arbeider med å legge til rette for ei open forvaltning, sikre brukarmedvirkning, og aktivt informere i fleire kanalar slik at vi når alle med plikt og rettighetsinformasjon. Vi har mange og varierte oppgåver, her er nokon av dei vanlegaste.

  • Vi arbeider med å utvikle nettsider som er tilpassa til alle skjermstørrelsar og vi legg til rette for universell utforming slik at alle våre brukarar kan få informasjon ut frå sine behov.
  • Vi jobber med kvalitet på digitale tenester.
  • Vi arbeider med klarspråk, slik at det skal bli lettare for brukaren å forstå sine rettar, plikter og moglegheiter.
  • Vi gjennomfører brukarundersøkelser, slik at våre brukarar skal medvirke til at vi blir betre på våre tenester.
  • Vi skriv tekstar til nettsider og andre publikasjonar.
  • Vi informerer og legg til rette for dialog i sosiale medier.
  • Vi lagar årsmeldingar og diverse informasjonsmateriell.
  • Vi skriv kronikkar.
  • Vi arbeider med internkommunikasjon og intranett.
  • Vi arrangerar pressekonferanser.
  • Vi arrangerer og streamer fagkonferanser.
  • Vi held mediekurs for å gjere fagpersonar trygge i sitt møte med media.
  • Vi har internkurs i sosiale medier.
  • Vi hjelper våre brukarar og media med innsyn i dokument og legg til rette for at dei får raskt svar av rett person.
  • Vi er førstelinje på mediekontakt og brukarkontakt.
  • Vi hjelper med foredrag.
  • Vi arbeider med kommunikasjonsstrategiar og kommunikasjonsplanar, både internt og eksternt.
  • Vi arbeider med webdesign og grafisk profil.
  • Vi arbeider med rekruttering.
  • Vi handterer organisasjonens omdøme.

Auka krav til ei open forvaltning
Kommunikasjonsyrket er forholdsvis ungt og veksten av kommunikatørar heng saman med offentleglovas inntog og krav om ei opnare forvaltning. Det vart behov for ei yrkesgruppe som tok seg av auka krav om innsyn og meir trykk frå media. Statens informasjonspolitikk såg dagens lys i 1993 etter nokre store utredningar om offentlig informasjon. Politikken vart revidert i 2001 og 2009 for å tilpasse seg endringane som kom med fleire mediekanalar, Internett, og Web 2.0. Den digitale utviklinga har endra kommunikasjonspolitikken mykje dei siste åra, og det har også ført til fleire arbeidsoppgåver. Brukarane skal ikkje berre oppsøke informasjon, men skal aktiv motta informasjon frå staten. Det vil seie at staten har eit ansvar for å ha kunnskap om målgruppene sine behov, føresetnader og synspunkt, og staten skal vere effektive i sin kommunikasjon og utnytte ny teknologi og nye kanaler der det er relevant. Staten skal difor bruke sosiale medier og ta i bruk delingskulturen på nettet, for å delta i samfunnsdebatten og ha aktiv dialog med sine brukarar. Veksten heng med andre ord saman med større krav til å vere opne og tilgjengelige og større krav til at innbyggarane skal kunne navigere i byråkratiet. Veksten heng også saman med ei auke i henvendelsar frå pressa med korte tidsfristar og ønske om eksklusive intervju.

Snålt at debatten enno lever
Då eg studerte kommunikasjon for nokre år sidan hadde vi ei pensumbok som heitte «Når kildene byr opp til dans, av Sigurd Allern».  Den tok mellom anna for seg elsk/hat forholdet mellom journalistar og informatørar og drøfta utfordringar med kildekritikk, informasjonshinder, informasjonssubsidier og kommersialisering av nyheitsbildet.  Det kan sjå ut som lite har forandra seg sidan den gong, når vi diskuterer om kommunikatørar er eit informasjonshinder eller ein døropnar. Diskusjonen står på staden kvil. Mi meining er at  mange redaksjonar ikkje maktar å løfte blikket og sjå kva ein kommunikatør eigentlig arbeider med og at utviklinga går mot meir opne organisasjonar. Det finnes både dårlige kommunikasjonsrådgivarar og journalister, men dei er unntaka. Kommunikatørar og journalistar er ikkje så ulike og begge er avhengige av integritet, for å ha ein jobb å gå til. Eg synes det er lite kreativ journalistikk at det med ujevne mellomrom kjem opp nye versjonar av same sak. Media ser kritisk på veksten i kommunikasjonsbransjen på grunn av stadig fleire kommunikatørar, og ser på det som eit informasjonshinder for den frie pressa og demokratiet. Dei evnar ikkje, eller vil ikkje, sjå at kommunikatørar har fleire roller der mediekontakt utgjer ein liten del for dei fleste, og dei evnar ikkje, eller vil ikkje, sjå at dei fleste kommunikatørar bidrar til eit opnare samfunn og bedre arbeidsvilkår for media.

Den digitale medierevolusjonen
Eg trur at ein av årsakene til at media kallar utviklinga eit demokratisk problem er at samtidig som vi får fleire kommunikatørar, blir det færre journalistar. Nedskjæringane i redaksjonane kjem av at media ikkje har greidd å tilpasse seg den digitale revolusjonen og taper penger på papiravisas fall. Det fører til mindre ressursar til kritisk journalistikk. Mindre ressursar fører truleg også til at avishusa blir mindre kildekritiske og lettare tar imot redaksjonelt innhald frå profesjonelle kommunikatørar, at dei generelt gjer dårlegare kildearbeid og at dei fell for fristelsen til å klippe og lime stoff frå andre. Det er urovekkande for journalistikken og demokratiet. Eg ønsker i alle fall ei sterk, kritisk og uavhengig presse. Kven gjer ikkje det?

 

 

 

 

 

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s