Betalingsmurar er lite sosialt

Kva lokalavis les du mest?

Kva lokalavis les du mest?

Daglig høyrer vi om mediekrise og innføring av betalingsmurar, men mediehusa gløymer ein viktig ting. Bak betalingsmurane kan du ikkje dele ditt innhald i sosiale kanalar. Betalingsmurar samsvarer dårlig med dei nye brukarvanene og tilpassar du deg ikkje lesaren, har du tapt.

Sjå til musikkbransjen
Det er ikkje eg som kjem med idéen, det gjorde Henriette Hedløv og Jorunn Flydal med sin kronikk i Aftenposten for snart to år sidan «Gi oss avisenes Spotify». Men eg synes idèen er god. Norske medier må løfte blikket lengre enn å flytte papiravisa over på digitale flater. For å tilpasse deg digitale flater, kan du ikkje stenge lesaren ute. For å vekse og marknadsføre ditt innhald, må lesaren kunne dele. Avisene bør nettopp difor ikkje stenge seg bak eigne betalingsmurar. Finn dei derimot ei felles norsk plattform, slik som musikkbransjen har Wimp, er dei på rett veg. Lesarane er villige til å betale, og avisene får betaling ut frå kor mange som les innhaldet. Då er det lagt til rette for deling av innhald i sosiale kanaler, og det er svært viktig om du framleis er i tvil.

Endring er vanskelig å godta
Avisene meiner dei fortener same maktposisjon på nett som dei hadde på papir. Dei er farga av det når dei ser etter nye inntektskilder. Konkurransen er ein heilt anna i dag enn for nokre år sidan, tilgangen til informasjon er enorm og kvar enkelt kan vere sin eigen redaktør. Medievanane er snudd på hovudet. Dette bør avishusa innsjå og deretter tenke på korleis dei skal finne nye inntektskilder. Geir Sand skreiv ein interessant blogg om dette, der han hevder at norske medier er på ville veger.  Å gøyme seg bak eigne betalingsmurar er eg rimelig sikker på at er feil strategi. No må media innsjå at ting ikkje er som det var og tilpasse seg omgjevnadane. Satt på spissen blir eigne betalingsmurar det same  som  å gå nokre hundre år tilbake i tid, og ha folkeopplysningsmøte bak stengte dører. Papiravisa gjorde redaksjonelt stoff tilgjengelig for alle, no når den er på veg ut går fleire avishus motsatt veg og gjer stoffet tilgjengelig for berre nokon få.

Sosiale medier er årsaka
Det er sosiale medier som er hovudårsaka til endringane i brukaratferden. Det er dei same sosiale medier eg trur mange mediehus ikkje har skjønt effekten av enno. Grunnen for det er at idéen om betalingsmur i utgangspunktet ikkje var så verst, vel å merke om brukarvanene var som før. Då ville sikkert dei fleste synes det var heilt ok å kjøpe avisa digitalt, lese den med frukosten som før og vere fornøgd med det. Brukaratferden har imidlertid endra seg totalt. Folk flest er ikkje fornøgd med berre ei eller to aviser lenger. Dei vil ha tilgang til alt og kunne dele det dei leser med andre. Brukarane vil også lese kva andre deler og dei vil velge ut frå sine interesser. Zite er eksempel på ein app som har tatt dette til seg og skreddarsyr nyheitsstraumen tilpassa det du vil lese om. Eigne betalingsmurar i avisene er til hinder for desse nye brukarvanene. Norske mediehus må difor ta sosiale medier på alvor ved å samarbeide og utvikle løysingar som set  brukaren og teknologien fremst. Det er der utgangspunktet bør vere. Hans Petter Nygård-Hansen har skrive eit interessant forslag om korleis han vil betale for nyheiter.

Kva lokalavis les du mest?
Om du meiner det eg skriv om brukarvaner er berre tull, vil eg til slutt utfordre deg med dette spørsmålet. Mange lokalaviser står sterkt og har sluppet unna det store opplagfallet som tabloid, riks- og regionavisene har opplevd. Men kor lenge varer det? Vi får i dag alle våre nyheiter inn på Facebook. Vi får dei direkte frå kommunen, fotballaget, butikken, lokalpolitikarar, og folk flest. Du får informasjonen direkte på Facebook og sjølv om den ikkje alltid har den same journalistiske kvaliteten som lokalavisa, så kan dei kritiske spørsmåla vere vel så skarpe. Kva lokalavis les du mest? Facebook eller lokalavisa? Er svaret det første alternativet har du truleg også tilpassa deg nye brukarvaner.

Først når mediehusa erkjenner endringane og tilpassar seg brukaren og teknologien er dei på rett spor. Dette handlar også om annonseinntekter, der er dei er eit hav bak Google og Facebook. Det skal eg ikkje meine noko om no, men les Hans Petter Nygaard-Hansen sin blogg om temaet og du kan gjere deg opp nokre tankar sjølv.

 

Advertisements

One thought on “Betalingsmurar er lite sosialt

  1. Svært bra!

    Ganske spesielt å tenkje på føljanda fakta:

    Svære Amedia må seie opp masse folk bl.a. fordi mellom anna Namdalsavisa tener mindre og mindre pengar på å bistå næringsaktørar i Namdal med annonsering av sine produkt og tenester.
    Lille meg tener no meir og meir pengar på å bistå næringsaktørar i Namdal med annonsering av deira varer og tenester.

    Snakk om å sove i timen!

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s