Du treng ikkje #loggeav

Sjølvie frå ein av mange fjellturar.

Sjølvie frå ein av mange fjellturar.

Eg varsla tidleg i sommar at eg skulle logge av sosiale medier i stor grad. Det har eg greidd bra, sjølv om eg valde å justere litt ut i frå dei måla eg hadde satt meg. Eg har vore om lag 30 minutt på nett kvar dag, men endra tidspunkta eg satte meg som mål fordi det var andre som passa meg og familien betre. Eg greidde ikkje å halde meg unna Facebook i heile juli, men tok heller to veker fri i juni og ei i juli. Det eg har lært er at dette handlar ikkje om digitale eller sosiale medier, det handlar om korleis du vel å bruke tida di. Det spelar ingen rolle om du les avisa på papir eller mobil, og det er ingen forskjell på å lese ein artikkel digitalt eller i eit fysisk magasin. Difor skal eg aldri meir fronte det å logge av, men eg er blitt  meir bevisst på min tidsbruk. Det er jo det det handler om og det er ingen forskjell å vere på nett, sjå TV eller vere djupt inne i ei bok. Radioen er min  nye favoritt til å konsumere nyheiter. Der får du med deg dei viktige nyheitene samtidig som du kan gjere andre ting. Boka som ligg på nattbordet, avisa som ligg i stova eller fagbladet som ligg på kontoret plagar meg like mykje at eg ikkje får lest, som å sjå om det er noko nytt i sosiale kanalar. Ståle Lindblad treff spikaren med sin blogg  om å logge av det analoge maset.

Digitalt er effektivt
Mange påstår at digitale medier tar for mykje tid. Det kan det sjølvsagt gjere om du er på heile tida, men brukar du dei digitale mediene rett er det effektivt. Eg kjenner ein kar som framkaller alle sine bilder, tar dei med på besøk for å dele dei og set dei i album etterpå. Eg brukar Instagram til å dele bilder med dei eg ønskjer og lagrar ellers mine bilder digitalt. Eg kjenner folk som seier at dei ikkje har aning om kva Ola nabo styrer med for tida, eg veit kva han styrer med fordi eg har Facebook. Søstra mi oppdaga nyleg at det var mykje om meg ho ikkje visste etter å ha sett innom Facebook og Instagram. Eg kjenner folk som klipper ut avisartiklar og sender kopi i posten for å dele med andre. Eg deler relevant faglitteratur på Twitter. Kva tenker du er mest tidkrevande? Eg er ikkje i tvil.

Instagram – ei moderne dagbok
Sommaren har vore familietid for meg. Vi har hatt mykje fri i lag og vore mykje på reise i både innland og utland. Ellers har eg blitt utruleg glad i å gå i fjellet. Det har eg for så vidt også vore før, men eg har ikkje tatt meg tid. No har eg omlag 25 toppturar i sommar, det gjer godt for kropp og sjel. Og så legg eg ut  skrytebilete av turane på Instagram, då gjer det enno betre:) Dessutan kan eg gå tilbake og sjå kva turar eg har gått, mitt eige turarkiv. Instagram er som ei moderne dagbok, som du deler med andre. Eit bilde seier som kjent meir enn tusen ord, og så er det jo mykje raskare enn å skrive. Tidlegare har eg skrive om at Facebook og Instagram har rettane til dine bilete. Eg har tatt eit lite personleg oppgjer og har endra min profil frå offentleg til privat i desse to kanalane. Det vil seie at eg sjølv kan bestemme kven som kan sjå bilete av mine barn. Eg vil ha ein offentlig profil i andre kanalar som her på bloggen, på Twitter, LinekdIn og Google+, men eg har kome til at med min bruk er det fornuftig å vere meir privat i kanalar der bildedeling er sentralt.

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s