Eg #loggerav #SoMe i sommar

avislesarar på bussenThomas Moen og Lars Bratsberg skriv i desse dagar ei bok som heiter #loggav. Det er ein smart forretningsidé. For eit par år sidan ville ikkje den boka hatt livets rett. Det har den no, nettopp fordi vi er logga på mobilen med tilgang til e-post, sosiale nettverk, media og ulike appliaksjonar til ei kvar tid. Folk begynner å merke at mobilen er sterkt vanedannande og enkelte lengtar tilbake til det gamle livet der vi var meir til stades utanfor skjermane. Andre hevdar hardnakka at vi var like mykje på før, slik biletet illustrerar. Det er sjølvsagt å fornekte sanninga. Dei fleste veit nok at dei bør logge meir av, men det kan godt hende dei ikkje treng hjelp frå boka til Moen og Bratsberg.  Kvifor ikkje berre gjere som dei seier i favorittserien til min son på snart fire år, barne-tv serien om Petter kanin: «Vi hopper i det.»

Delesjuka
Før var det kanskje mest fokus å få med seg kva som skjer i ulike sosiale kanalar, kva andre deler. No er det for stadig fleire blitt vel så vanedannande å dele alt dei gjer med andre. Delesjuka har nok ein stor del av skulda for at vi er på også i feriane. Verda må helst få sjå når grillen er tent opp, når du tar deg ei duggfrisk utepils, eller ein sveitt selfie etter ei trening eller ein fjelltur. Å dele opplevingar er rett og slett i ferd med å bli vanedannande. Eg gjer det sjølv, eg er ikkje det slag betre enn nokon andre.

Eg hoppar i det
Eg tenker difor å ikkje lese boka til Moen & Bratsberg, eg er allereie inspirert av det Thomas Moen gjorde i fjor (hatten av) og tippar det samanfattar boka greit. Eg følgjer heller Petter kanin sitt råd. Eg hoppar i det i sommar og loggar av mobilen og sosiale medium i stor grad. Følgande reglar skal gjelde i juni og juli:

  • Ikkje lov å sjekke sosiale medium, nettaviser eller e-post før etter lunsj
  • Ikkje lov å sjekke sosiale medium, nettaviser eller e-post etter 21.
  • 30 minutt på nett i døgnet er lov ein plass mellom lunsj og 21.
  • Ein månad utan Facebook i juli.

Eg er nok over snittet interessert i sosiale medium og bruker mykje tid spesielt på relasjonsbygging og fagstoff. Eg les dessutan nyheiter i hovudsak på nett. Dei som kjenner meg godt veit nok  at dette blir ei stor utfordring.  Det blir tøffe prioriteringar.

Å følge Petter kanin sitt råd er ein metafor for gjere det som er best for min son på snart fire år og ho vesla frå i fjor, som eg skal ha pappapermisjon med i sommar. Dei fortener ein pappa som er der og ikkje minst er det der pappa har mest lyst å vere. Er det andre som tar utfordringa og hopper i det?

Advertisements

5 thoughts on “Eg #loggerav #SoMe i sommar

  1. I ferien er regelen å kun sjekke ved faste tider, og det betinger selvsagt nettdekning for det finner en faktisk ikke overalt 🙂 Er da pålogget 2-3 ganger daglig alt ettersom. Dvs maks tre ganger til dagen og da kun korte økter. Pleier fungere godt 🙂 OG her er det ikke bare sosiale medier som gjelder, også mail faller innafor og push er avslått, mail sjekkes kun 1-2 ganger daglig i ferien. Er det viktig ringer de 🙂

    • So bra Ingrid. Eg har også inkludert Mail og nettaviser. Då blir det ikkje så mykje tid på nett. Men der blir tid til eit par bøker eg har liggande og ei papiravis innimellom.

  2. Tilbakeping: Du treng ikkje #loggeav | bjornleirdal.info

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s