Treng du engasjement i sosiale medium?

Tommel ned Det meste i sosiale kanalar handlar om engasjement og lukkast du ikkje med engasjement, har du ikkje lukkast i di satsing på sosiale medium. Hørt den før? Det er mogleg eg bannar i kyrkja no, men eg tenker i stadig større grad at alt ikkje bør handle om engasjement. I offentlig sektor (statsforvaltningen og kommuneforvaltningen) kan du godt lukkast med sosiale medium utan å jage etter engasjement. Kanskje det ikkje bør vere eit mål heller.

Du har aldri vore mindre synlig på Facebook
Ikkje er det enkelt å skape engasjement heller. Tar vi Facebook som eksempel gjer deira algoritmar deg mindre synleg enn nokon gong. Facebook har dessutan ein dårlig skjult strategi på at det skal koste pengar å vere synlige. Det blir stort sett feil om offentlig sektor skal betale for å gjere innlegga på Facebook synlege. Det finnes sjølvsagt unnatak, som for eksempel helsekampanjer. Eg trur offentlig sektor i større grad bør bruke sosiale medium først og fremst som eit tilbod for dialog og kundeservice, ikkje for å selge seg sjølv. Det er fort å jage etter engasjement, fordi dei fleste tips og råd om engasjement i sosiale medium er retta mot kommersielle aktørar som skal selge eit produkt eller ei teneste.

Dei fleste ønskjer ikkje å engasjere seg
Offentleg sektor er av natur ikkje ein plass folk ønskjer å engasjere seg i særleg grad. Eg tippar dei fleste ønskjer å unngå å engasjere seg. Brukarane  ønskjer å utføre ei oppgåve, eller få svar på eit spørsmål. Dei besøker deg ikkje for å la seg underhalde.  Det handlar kort og godt om kva brukarane dine ønskjer frå deg, når dei besøker deg på nettsidene eller i sosiale kanalar. Dei ønskjer nøyaktig og klar informasjon om sine rettar, plikter og moglegheiter, i tråd med måla i den statlige kommunikasjonspolitikken. Informasjonen skal vere lett å finne og enkel å forstå, ofte for å kunne utføre ei konkret oppgåve. Dine brukarar skal lett kunne ta kontakt med deg om dei ikkje finn det dei leitar etter og her er sosiale kanalar gode verkty.  Gode nettsider er likevel den viktigaste prioriteringa du gjer, og er dei gode nok kan det føre til mindre engasjement i sosiale kanaler. Ser du slik på det er det kanskje bra med lite engasjement? Det finnes som kjent både negativt og positivt engasjement.

Er det så viktig med engasjement?
Så kanskje vi som jobber med kommunikasjon i offentlig sektor bør senke skuldrane med tanke på å skape engasjement i ulike sosiale kanalar? Kanskje vi heller bør konsentrere oss om å skape godt innhald? Vi kan konsentrere oss om å identifisere kva for kanalar dine interessentar er i og vi kan arbeide med å gjere språket mindre byråkratisk? Uansett bør vi kanskje vurdere å slutte å jage etter liker, kommentarar og delingar. Ta først og fremst godt vare på ditt publikum. Eg har aldri bedt nokon like og dele i mitt arbeid, og det vil eg nok truleg aldri gjere.

Her er tre relevante blogginnlegg som ga meg inspirasjon til å skrive denne bloggen: Verdiløse Facebook likes, av Hans Petter Nygård Hansen og The Myth of Social Media Engagement in the Public Service, av Alain Lemay og Facebook endrer spillereglene – hva nå markedsfører, av Morten Myrstad iThe New Company.

 

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s