Ikkje tips om trafikkontrollar på Facebook!

Politi

Det nærmar seg påskeferie og mange vil sikkert også denne påska ha det uforståelig travelt i påsketrafikken. Fleire, meg inkludert, har vore ute for farlige situasjonar i trafikken. Eg blir skremt over at sjåførar kan ta valg som setter både dei sjølv og deg i livsfare. Det er få ting som irriterar meg meir enn dei som varslar andre traffikantar om trafikkontrollar. Og det forbausar meg at det ikkje er ulovleg.

Sosiale medium på godt og vondt
Varslarar er ikkje noko nytt fenomen, men sosiale medium og deira rekkevidde gjer at varslarane kan vere meir systematiske og nå fleire. Eit søk på Facebook og du får opp fleire grupper av typen «Kontroller i Førdeområdet». eller «Kontrollvarsling Bergen og Hordaland».

Eg oppfordrar alle til  å gå til kamp mot varslarane. Det er ikkje greit å varsle om politikontrollar. Politiet legg ned ressursar på kontroll og så skal dei som til vanleg køyrer for fort, eller i berusa tilstand bli tipsa når det er kontroll? Tips heller politiet om dei som er farlege for andre i trafikken. Neste gong er det kanskje nokon av dine som blir skadd eller misser livet i trafikken. Du kan starte med å slutte å like sider eller vere medlem i denne typen grupper på Facebook. God påske!

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s