Kan sosiale kommunikasjonskanalar effektivisere ditt arbeid?

Vigilo

I går var eg på foreldremøte i barnehagen for å få presentert eit nytt kommunikasjonsverkty – Vigilo. Eg hadde ikkje veldig store forventningar på førehand, men vart veldig positivt overraska. Dei presenterte eit arbeidsverkty som på alle måtar gjer kommunikasjonen mellom barnehage og foreldre enklare. Likevel klarte eg nok ein gong å bli forbausa over nokre menneske sin overdrevne angst for alt som heiter endring.

Effektivt arbeidsverkty
At sosiale medier er gode arbeidsverkty veit vi som er spesielt opptatt av kommunikasjon. Vi er naturlig opptatt av verkty som kan gjere kommunikasjonen enklare og meir effektiv. Vigilo er eit slikt verkty. Vigilo skal ikkje gjere noko nytt, men gjere kommunikasjonen mellom barnehage og foreldre enklare enn tidlegare. I dag nyttar barnehagen fleire ulike kommunikasjonkanalar i dialog med foreldra:

  • Ulike munnlege beskjedar
  • Skriftlege utskrifter av månadsplan og andre viktige beskjedar
  • E-post med diverse informasjon
  • SMS ved viktig informasjon
  • Oppslagstavle til sovetid og bleieskift
  • Heimeside med diverse informasjon og bilder
  • Bildedeling på TV-skjerm i barnehagen

Tdsklemma er ei kommunikasjonsutfordring
Som småbarnsfar veit eg godt at livet ikkje er så A4 at eg nyttar alle desse kommunikasjonskanalane med barnehagen godt nok. Det er alltid hastverk når ein skal levere og hente ungane. Det går ut over kommunikasjonen. Eg har knapt besøkt heimesida til min barnehage, fordi den er lite oppdatert, vanskelig å navigere i og ikkje mobiltilpassa. Det er ikkje uvanleg at du gløymer å sjekke oppslagstavla og du har omtrent aldri tid til å stoppe opp og sjå på TV-skjermen kva barnet har gjort denne dagen. Endå verre er det for dei tilsette i barnehagen som må bruke tid og ressursar til å oppdatere alle desse kommunikasjonskanalane. Det er vel mykje betre at dei brukar tida si på dine barn?

Så tør barnehagen å ta i bruk løysinga. Dei har skrive kontrakt med Vigilo og har stor tru på at dette vil effektivisere deira arbeidsdag. Vigilo er eit kommunikasjonsverkty som samlar alle kommunikasjonsbehova  i ein lukka nettportal, eller om du ønskjer som ein app du har med deg på mobilen til ei kvar tid. Her får du informasjon om alt du treng å vite om dine barn. Og det er lagt til rette for at du kan kommunisere med barnehagen:

  • Beskjedar mellom deg og barnehagen
  • Bilder og rapportar om kva barnet har gjort
  • Oversikt over bleieskift, mat og søvn
  • Du kan registrere fråver direkte i appen

Endring er farlig
Eg sluttar aldri å forbause meg over kor redde mennesket er for endringsprosessar. Kvifor er det alltid fleire menneske som er så redde for endring. Kvifor er ein så redde for å ta i bruk betre kommunikasjonsløysingar enn dei etablerte? Endringsprosessar tar alltid tid, for mykje tid grunna menneskets redsel for å ta i bruk nye ting. Mennesket var svært skeptisk når internett kom, og er svært skeptisk no over alle desse nye sosiale kanalane. Foreldremøtet i barnehagen var ikkje noko unntak. Dei som tok ordet var skeptikarane. Kvifor hindrar de ikkje at andre kan laste ned bilder av barna våre var eit spørsmål? Ein anna tok for gitt at barnehagen skulle halde fram som før med alle dei andre kommunikasjonskanalane i tillegg til Vigilo, for å ikkje ekskludere dei som vel å ikkje ha smartelefon. Bekymringa som tok kaka var frå ei mor som hadde høyrt at mobilen var ein tidsstjuv. Ho var bekymra for at barna no ville sjå at dei brukte elektroniske dingsar i barnehagen i tillegg til at foreldra gjorde det heime. Korleis skulle dei no lære å skrive for hand?

Svara på desse spørsmåla er jo krystallklare. Godtar du at barnehagen kan ta bilete av ditt barn kan du aldri vere trygg for at det ikkje blir delt. Det handlar ikkje om du nektar kommunikasjonsverkyet å laste ned bilder. Det handlar om teknologien, som for eksempel ligg i din mobil. Du kan ta skjermbilde og dele biletet likevel om du ønskjer det. Du kan også nytte mobilen til å ta bilete på eit arrangement i barnehagen og dele i sosiale medier. Det er med andre ord ditt ansvar kva du gjer med bileta. Det er ulovleg å dele bilete av andre sine barn på nettet. Skal barnehagen fortsette med dei andre kommunikasjonsløysingane er jo poenget med effektivisering vekke. At mobilen kan vere ein tidstjuv er rett, om DU brukar den feil. I barnehagen sparar dei tilsette tid, som gjer at dei får meir tid til ditt barn

Advertisements

9 thoughts on “Kan sosiale kommunikasjonskanalar effektivisere ditt arbeid?

  1. Godt skrive, som vanleg. Eg trur du har heilt rett i at det er frykta for teknologien som er størst – frykta for alt det nye. Det slo meg i går då eg høyrde på TV-nyheitene at ei par personar hadde omkome i ei helikopterulukke i USA. Einaste årsaka til at dei nemner det, og aldri nemner amerikanske bilulukker med eit par omkomne, er fordi dei spelar på vår frykt som blir bekrefta. Vi skal tenkje: «Ja, det var det vi visste at det ikkje er trygt med slike nymotens flygefarkostar. Mennesket er ikkje skapt for å flyge».

  2. Veldig kjekk lesning. Eg har tipsa barnehagen som min son går i om Vigilo. Men, det datt på relativt døve øyre. Eg har tidvis opplevd at kommunikasjonen er dårleg, og håndskrevne lappar vart teipa opp over ein lav sko.

    Det skal seiast at eg er kjempeglad i barnehagen, og dei gjer ein fantastisk jobb. Sonen min er utruleg glad i dei som arbeidar der – men eg synest at kommunikasjonen mellom meg som føresatt og barnehagen kunne vært mykje, mykje betre.

    • Takk for fin tilbakemelding Christer. Dei aller fleste er nøgde med barnehagen sin, men kommunikasjon er alltid utfordrande, spesielt når ein har dårlig tid.

  3. Hei. Det du skriver om at foreldre må godta at bilder blir publisert er ikke helt rikitig . Hvis en forelder ikke vil at bilde skal være synlig på internett , eller en app , kan de reservere seg. Dette skjer via eget godkjennings skjema . Litt av utfordringen er at jeg som pedagog i min jobb skal bruke el-verktøy istedet for den «gamle» kommunikasjonen. Dette ble pratet rundt på forhånd at det ikke skulle skje. Men det var ikke personale som lot det skje , det var foreldre som fikk dårligere tid enn før. Litt flåsete sagt , så trengte de ikke prate med oss pga app. Av og til går kommunikasjonen på at barn vil vise seg frem i bhg , noe de har laget , eller bare noe de er stolt av. dette kan vises via bilder på eks app , men kan ta litt vel over .misforstå meg rett ..Praktisk i tidsklemma og kjekk funsjonibel tjeneste som kan hjelpe komunikasjonen bedre. Du har uansett skrevet godt med mye sant .

    • Hei Carlos. Eg er klar over at foreldra kan reservere seg mot at det blir publisert bilder av deira barn i Vigilo. Eg meiner ikkje at foreldre må godta at bilder blir publisert, men at du kan ikkje hindre teknologien å gjere det. Eg meiner dessutan at alle foreldre har eit eige ansvar for kva dei publiserar i sosiale kanalar. Du publiserar sjølvsagt ikkje bilete av andre sine barn utan løyve.Og sluttar foreldre og barnehage og snakke saman pga av appen, så skal eg vere den første til å seie at endringa ikkje er ønska likevel. Den munnlege kommunikasjonen er den viktigaste. For min del trur eg at eg vil snakke meir med dei tilsette om ting eg ser barnet har vore med på via appen.

  4. Hei:-) Det var jeg som var på foreldremøtet fra Vigilo. Utrolig hyggelig å få en slik oppsummering i etterkant. Tydelig at du har fått med deg hva dette går i. Jeg er imponert! Du skriver at du blir forbauset over menneskers frykt for endring. Det gjør ikke jeg. Vi er vant til mange spørsmål på slike foreldremøter, men det er også derfor det er så viktig at vi har dem. Vi skal ha respekt for at foreldre er redde for nye ting, spesielt i forhold til egne barn. Fordelen vår er at vi er så trygge på at arbeidsverktøyet Vigilo ivaretar/hensyntar disse tingene, at vi sjelden får problem med å forklare/svare på spørsmål på en god måte. Vi liker derfor at disse spørsmålene kommer, fordi det normalt sett er en andel foreldre som lurer på de samme tingene, men som ikke tør/vil spørre. På den måten får vi gitt gode svar som forhåpentligvis kan ufarliggjøre Vigilo for flere. Så jeg vil bare takke disse foreldrene også for at de stilte spørsmål:-) Ha en flott helg!

    • Hei Ernst. Takk for fin tilbakemelding og fin presentasjon. Eg skriver at eg aldri sluttar å la meg forbause over folks skepsis til endring. Men eg er på ingen måte ukjent med det etter å ha jobbet med kommunikasjon i mange år. Eg blir med andre ord ikkje overraska, men sluttar likevel ikkje å la meg forbause;) For ordens skuld, eg har all respekt for foreldre som meiner noko anna enn meg. God helg.

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s