Engelsk forsøplar norsk fagspråk

StorydoStorytelling, storymaking, sense making, content marketing, corporate social responsibility (CSR), social business, employer branding. Dette er berre eit knippe av engelske ord som daglig blir nytta heilt ukritisk av norske kommunikatørar. Dei blir brukt i bloggar, i artiklar, på forelesingar og i sosiale medier daglig.

Tåkeprat
Det heile toppa seg med GK-sjef Andreas Wabø sin uskyldige bruk av «Storydoing» i ein blogg for eit par veker sidan. Folk skjønte rett og slett ikkje innhaldet. Tåkeprat vart konklusjonen. Og det er jo akkurat det som fort skjer når ein vel å bruke engelske ord framfor norske. Klarspråk er det definitivt ikkje.

Finnes ikkje gode norske ord?
Eg ser ofte folk stiller spørsmål på Twitter om det norske ordet for ditt og datt. Dei meiner då det engelske ordet summerar opp noko som vi ikkje kan oversette godt nok til norsk. For meg er det merkelig at CSR blir brukt framfor bedriftens samfunnsansvar, uforståelig at content marketing skal vere eit betre ord enn innhaldsmarknadsføring, og heilt ubegripelig at storytelling blir brukt framfor historiefortelling.

Alarmklokkene bør ringe
Eg har ingenting i mot det engelske språket. Tvert i mot. Vi er heilt avhengige å kommunisere med omverda utanfor Norge og den kan ikkje snakke norsk. Likevel meiner eg at der engelsk eller eit anna framandspråk ikkje er ein del av kommunikasjonsbehovet, må vi naturlig velge det norske språk. Her støttar eg meg til språkprofessor Gjert Kristoffersen som i denne kronikken meiner alarmklokkene bør ringe i det augeblikk vi tar i bruk engelsk utan at det er nødvendig. Og eg meiner akademia,  journalistar og kommunikatørar har eit spesielt ansvar.

Advertisements

One thought on “Engelsk forsøplar norsk fagspråk

  1. Tilbakeping: Content marketing – what? | bjornleirdal.info

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s