Er SMS udødelig?

Whats appFacebook kjøpte nylig opp WhatsApp for ufattelige 19 milliardar USD. Men dei har jo meldingstenesta Messenger frå før, kva tenker dei på var min første tanke. Mange, inkludert meg sperra nok opp augene i undring,  og mange har  vel knapt høyrt om WhatsApp. Grunnen for oppkjøpet er ganske enkelt at WhatsApp er den einaste internettbaserte meldingstenesta som kan vise til større engasjement og fleire brukarar daglig enn Facebook. Då blir Facebook redde, på same måte som dei kjøpte opp Instagram når veksten der vart for stor. Facebook har heilt klart ingen planar om å gi frå seg rollen som verdas største sosiale nettverk.

Var dette spikaren i kista for SMS?
Vi har høyrt det lenge no at SMS går mot den sikre død. Eit hav av nye apps er kome til dei siste åra: Kik Messenger, iTunes Ping, iMessage, Messenger, Google Hangout, Telegram, SnapChat (kun bilder) og WhatsApp for å nevne nokon. Men SMS lever jo framleis i beste velgåande ser det ut til.

Dei nye appane er basert på teknologi som gjer at du må vere kopla til internett for at dei skal virke. Apple sin iMessage for eksempel, velger internett når du er kopla på Wifi og vanlig SMS når du ikkje er kopla på. Sa det er klart at brukartala til SMS går ned, men kvifor brukar så mange av oss framleis SMS? Er svaret så enkelt som at så lenge du ikkje til ei kvar tid er kopla på internett, så er SMS ei betre løysing? Eg trur det, i alle fall her i Norge kor mobilabonnementa er rimelige med tilnærma ubegrensa bruk av SMS.

Korleis brukar du SMS?

Eg brukar iMessage, Messenger, Google Hangout, DM på Twitter og SnapChat. Alt til kvar sin bruk. Skal du sende ei melding som ikkje hastar fungerar for eksempel Messenger heilt flott. Eg synes Google Hangout er eit godt arbeidsverkty når du treng ei god chatteteneste. Skal eg likevel sende ei melding som eg er sikker på kjem fram raskt, så brukar eg SMS. Eg brukar faktisk SMS klart mest som direktemeldingsteneste. Likevel brukar eg  SMS mykje mindre enn før. Ikkje berre på grunn av dei direkte utfordrarane, men like mykje på grunn av sosiale medier generelt. Tenk kor mange SMS du sparar nyttårsaften om du velger å ønske dei fleste godt nytt år på din Facebook-vegg.

Kva trur du, er SMS udødelig eller ser den tvert i mot ein snarlig død?

Advertisements

One thought on “Er SMS udødelig?

  1. Tilbakeping: Rubitin – appen for fotballnerder | bjornleirdal.info

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s