Trenger vi å blogge då?

Blogg7Det spurde ein kar meg om på butikken ein dag, i ein laus prat om sosiale medium. Eg merka at det er ikkje så lett å svare kort på det. Alle som arbeider med kommunikasjon har nok fått det spørsmålet nokre gonger, og spørsmålet er godt det. Vi kan svare enkelt og seie: Nei, de treng ikkje det, men det kan vere lurt. Eg skal prøve å utdjupe kvifor blogging kan vere eit smart val for bedrifter og organisasjoner.

Blogging KAN vere dialog
Dei fleste bloggekspertar vil hevde at den store gevinsten med blogg er dialog med kundar og brukarar. Problemet er berre at svært få er gode på dette. Blogging er ikkje alltid dialog, det kan like gjerne vere monolog. Mange brukar ein blogg som einvegsinformasjon for å promotere eigne saker eller bodskap. Dei som er gode å blogge, lukkast med dialog. Bloggen blir diskutert, delt og kommentert. Men sjølv dei som er gode på blogg har ofte få kommentarar på bloggen. Tendensen dei siste par åra er at stadig fleire vel å kommentere på andre sosiale kanalar og ikkje i kommentarfeltet på bloggen. Eg gjer det slik sjølv.

Blogging er kanskje den beste måten å få folk til å snakke om di bedrift eller din organisasjon. Det er i alle fall den rimeligaste måten. Men skal folk snakke til deg må du delta i samtalen. Ein blogg må ikkje berre vere eit talerøyr ut. Kunsten er å lytte til kommentarar som blir lagt igjen på bloggen og i andre sosiale medium. Dessutan kan du gå i dialog på andre sine bloggar. Sist men ikkje minst er bloggen, saman med andre sosiale kanalar di stemme. Ingen kan styre informasjonen betre enn du sjølv. Du vil uansett bli snakka om i sosiale kanalar, om du er der eller ikkje. Bloggen i samspel med andre sosiale medium bygger omdøme.

Ein blogg KAN bli bra om…
Det er organisasjonskulturen som er avgjerande for å lukkast med ein blogg. Dei som lukkast med å motivere tilsette til å blogge vil få det til. Men motivasjonen må vere reell, det må ikkje vere noko du MÅ gjere. Då vil det neppe bli bra. Dessutan bør du skrive regelmessige innlegg for å ikkje misse dine lesarar. Du kan velge å informere om noko i ein blogg eller meine noko. Vel du det siste må du våge å skrive litt spenstig og kanskje litt kontroversielt. Ein blogg som er heilt tannlaus og ikkje tør meine noko, vil ikkje få mange lesarar. Du må uansett vise fram din unike fagkunnskap om du vel å informere eller meine. Den største nytteverdien med sosiale medium er etter mitt syn deling av kunnskap. Dei som viser fram sin kunnskap og er ekte, vil lukkast med sin  blogg på sikt. Sjølvsagt må du også vere god på timing, integrering med anna kommunikasjonsarbeid og føle litt på omverda kva som er interessant å blogge om. Har du tid, energi, motivasjon og lyst til å bli flink, så blir du kanskje det. Då har du i alle fall gjort eit reelt forsøk. Men, det kjem garantert ikkje av seg sjølv.

Du må ha noko å melde. Er temaet du skriv om dørgande kjedelig, så er det det. Nokre bloggekspertar gir råd som kan tyde på at all informasjon er spennande. Det vil igjen seie at alle tilsette kan blogge og by på sin fagkunnskap uansett tema? Det er sjølvsagt ein bløff. Innhaldet må vere interessant for NOK mennesker. Men kva er nok? Er 100 lesarar bra på eit blogginnlegg, eller er det først bra når du har 500 lesarar? Det er ingen fasit på det heller. Det kjem blant anna an på kven som er dine lesarar, eller kvaliteten på relasjonen om du vil. Nokon som framsnakkar ditt omdøme? Nokon som er interessert i arbeid hos deg? Journalistar som følgjer med? Tal er vanskelig, la oss samanlikne med ei heimeside. Har du 100.000 lesarar på din nettstad årleg så er det truleg fleire sider som berre har 100 eller 200 besøkarar. Kanskje er informasjonen som ligg der likevel heilt nødvendig for at desse 100 besøkarane skal få løyst si oppgåve?

Eghakjetid

Har DU tid og ressursar?
Eg likar ikkje når folk seier at dei ikkje har tid, eller no har eg hatt det så travelt at det har vore umogleg å svare på dette på eit par veker. Det er negativt lada og ber preg av du har det mykje travlare enn alle andre. Sannsynlegvis har dei andre det like travelt som deg. Eg prøver å vere bevisst på å ikkje seie at eg har dårlig tid, sjølv om eg ofte har det. Eg får det ikkje alltid til, men eg prøver. Det handlar om respekt for andre og deira tid. Dessutan trur eg at seier du det ofte nok vil du til slutt tru at du ikkje kan få hovudet over vatn. Du blir stressa og du blir mindre effektiv.

Eg er stort sett ueinig med folk som seier at å blogge er dårlig ressursbruk. Heilt ok om det blir sagt med gode argument, men som regel handlar det om manglande kunnskap og profesjonstrid. Det treng ikkje vere ressurskrevjande å ha ein blogg, men det kan vere det. Ein blogg kan skrivast på 20 minuttar om du har flyten og motivasjonen. Er du bloggforfattar sjølv og skriv om ditt fag tar det sjeldan meir enn eit par timar å skrive ein blogg. Difor anbefalar eg alle som ønskjer å blogge til å skrive sjølv. Du kan heller få hjelp til språkvask, overskrifter, lenker, bilder og layout, men ta deg tid til å skrive sjølv og meine sjølv. Skal fleire i bedrifta eller organisasjonen innvolverast kan det bli utfordrande å få til effektiv tidsbruk:

  • Skal du skrive ein blogg basert på råmateriale eller intevju om eit fagfelt som ikkje er primært ditt kan det fort ta tre til fem timar å skrive ein blogg.
  • Å sende bloggen til gjennomlesing er lurt, men involver færrast mogleg. Folk er opptatt med andre ting og rekk ikkje å prioritere med ein gong. Her går fort mykje tid vekk. Alt frå timar til dagar.
  • Ein blogg skal redigerast. Du skal sette inn lenker, bilder og deretter dele i ulike sosiale kanalar. Dette kan ta ein liten halvtime.
  • Det må også settast av tid til å svare på eventuelle kommentarar.

Eg meiner difor ein bedriftsblogg gjerne kan ha fleire bloggarar som viser mangfaldet i organisasjonen sin fagkunnskap. Det er mest effektivt at du som fagperson sjølv skriv bloggen og kan stå 100 prosent inne for innhaldet. La kommunikasjonsstaben hjelpe til med layout, språk, gode råd og teknisk hjelp, men skriv helst sjølv. Skriv kommunikatørane for deg, får du ofte ei litt annan vinkling enn du hadde tenkt.

Treng vi å vere opne?
lukkaas
Ja alle organisasjonar treng å vere opne for å fungere godt  i eit samspel med omgjevandane. Du treng ikkje å ha lest mykje organisasjonsteori for å skjøne det. Framveksten av sosiale medium har skapt eit opnare samfunn. Opne organisasjonar er framtida og ny teknologi fjernar lag i organisasjonhierarkiet. Dei tilsette blir i fleire organisasjonar i større grad sett i sentrum. Både intern og ekstern kommunikasjon endrar seg frå å vere sentralisert frå toppen og ned, til å legge til rette for kunnskapsdeling og dialog. Dei som er gode tør å ta dei nye mediene i bruk. Det sosiale nettet vil ikkje gå tilbake til statisk einvegs informasjon. Vi må difor tilpasse oss på best mogleg måte. Då internett kom tok det kanskje litt tid før du slutta å skrive ut dine e-postar?, eller hadde heilt trua på at dette var noko du kom til å ta i bruk? Leitar vi fram dei beste eksempela ønskte enkelte seg ikkje datamaskin, fordi dei meinte internett var eit blaff. Gamle vaner er med andre ord alltid vonde å vende.

Bloggen kjem ofte sist i lasset av viktige prioriteringar. Bloggen blir då fort ei kjelde til dårlig samvit. Slit de med å skape engasjement rundt bloggen internt, vil det vise igjen i produktet. Alt heng saman. Det kan vere lett å vere kritisk til blogg og sosiale medium. Det vi fort gløymer er kor mykje pengar og ressurser ein set inn på andre ting vi tar for gitt, nettopp fordi det er akseptert som gode kommunikasjonskanalar. Ingen stiller spørsmål med nettsider, nyheitsbrev, annonser eller diverse reklamemateriell til ulike arrangement.  Kvifor? Fordi det er akseptert og innarbeidd. Men er det viktigare og betre kommunikasjon enn ein blogg? Å bygge opp ein blogg krev eit langsiktig perspektiv, eit klart mål, ein klar plan og god forankring. Fundamentet for å få det til er organisasjonskulturen. Vis fram menneska, fagkunnskapen og stammekulturen. Slik  bygger de omdøme. Det er gevinsten.

Ei lita annonse i tre aviser kostar deg fort 100.000 kroner. Den har svært kort levetid. Tenk på kor mange hundretusener ulike bedirfter og organisasjonar legg ned i sine nettsider. Kva kostar reklamemateriellet du har på stadion, eller brukar på bedriftsstafetten? Ein blogg kan gjenbrukast fleire gonger som svar på spørsmål, og er rimelig om du får det til å fungere. La oss seie at di bedrift brukar i snitt fire timar på ein blogg og publiserar to bloggar i månaden. Er åtte timar i månaden mykje ressursbruk når gevinsten er å vise fram ein attraktiv, innovativ og faglig interessant arbeidsplass?

Takk til Jørgen Helland og kjøkkenfesten for inspirasjon med 9 grunner til at vi ikke skal blogge. Den las eg for halvanna år sidan og tok den fram igjen etter å ha fått spørsmålet: Trenger vi å blogge då? Svar gjerne på pollen under kva du meiner om det.

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s