Kommuniser eller stagner

DialogueHar du høyrt at kommunikasjonsstaben har for mange ressursar, eller at «vi driv ikkje eit nyheitsbyrå», eller  «sosiale medium er noko berre kommunikasjonsstaben syslar med», og «kvifor i all verden skal vi ha ein blogg?» Vanlege oppfatningar i dei fleste organisasjonar i større eller mindre grad vil eg tru. Det vitnar om grunnleggande mangel på forståing for kommunikasjonsfaget. Historisk sett har det nok vore mange kampar for å overbevise andre fagområde i organisasjonen om at kommunikasjon er ein viktig funksjon. Heldigvis går det framover. Auka i tal tilsette og kommunikasjonsstaben si sentrale plassering i dei fleste organisasjonar viser at faget langt på veg er sett på som viktig. Stadig fleire ser på kommunikasjon som ein leiingsfunksjon, men mange heng nok dessverre langt tilbake i tid. Å ha forankra kommunikasjon i leiinga er avgjerande for å ha eit godt utgangspunkt for kommunikasjonsarbeidet. Er det i tillegg forankra i organisasjonen har du langt på veg lukkast.

Utan kommunikasjon stagnerer du
Eg vil hevde at lite kommunikasjon, dårlig kommunikasjon eller i verste fall ingen kommunikasjon er hovudårsakene til at organisasjonar stagnerer. Jo større organisasjonen er jo meir komplisert er det å levere god kommunikasjon. Mange vil meine noko om kommunikasjon, dei fleste vil meine dei beherskar faget, men så lenge det ikkje er forankra i organisasjonen med ein god strategi i botn vil ikkje kommunikasjonen bli god nok. Kommunikasjon med omgjevnadane er viktig, det har det alltid vore, i alle fall i eit systemteoretisk perspektiv. Kommunikasjon er organisasjonens nøkkel til å lukkast, det dannar grunnlaget for relasjonane som ditt omdøme blir bygt på.

Det handlar om å bygge kultur
Historisk har kommunikasjonsfaget streva med å finne sin plass i Norge. Jaget etter ein eigen profesjon, slektskapet til marknadsføring og reklame, og eit historisk dårlig rykte er nokre av årsakene til det. I staten var det framveksten av forvaltningslova og offentliglova som bana veg for ei meir open forvaltning. Fleire store utgreiingar såg blant anna til sentral teori innan Public Relations, noko  som igjen har bana veg for Statens kommunikasjonspolitikk slik vi kjenner den i dag. Det ligg til grunn når det ligg klare føringar på korleis ein skal utøve kommunikasjon og den store auka i talet kommunikasjonsmedarbeidarar i offentlig sektor. Det ligg også til grunn for at dei aller fleste no ser på kommunikasjon som ein leiingsfunksjon. Vi har tatt eit sjumilssteg dei siste 20 åra. Likevel er vi ikkje i mål før kommunikasjon er forankra i organisasjonen. God internkommunikasjon, kursing, og implementering er viktige stikkord for å få det til. For til sjuande og sist er det slik at alle er seg sjølv nærast, alle er sitt fagfelt nærast. Det handlar om å bygge kultur. Å bygge kultur tar tid. Det er ein kommunikasjonsjobb!

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s