Eg har testa Polljabber

Polljabber

Ein venn av meg Lars Ørjan Nese, @unilars på Twitter, har laga ein ny app for dei som er interesserte i undersøkingar og quiz. Eg har testa og likte den godt.

Ein app for fjas og moro
Polljabber har namnet sitt frå poll (meiningsmåling) og jabber (engelsk slang for å prate tull og fjas). Det setter litt standarden for appen. Den er først og fremst til undehaldning og ikkje til seriøse undersøkingar. Kanskje nettopp difor er det kun mogleg å opprette konto via Facebook, som jo først og fremst er sofakanalen for uformell dialog og laus snipp. Difor vil eg ikkje samanlikne den med andre liknande appar som for eksempel Polldaddy, då denne er meir retta mot seriøse aktørar og seriøse undersøkingar. Då skal heller ikke appen få tyn av meg for den ikkje kan embeddast på nettsider eller delast på andre kanaler enn Facebook. Eg trur Polljabber og Facebook er ein god match!

Kva kostar det å fjase då?
Først var eg kritisk til prisen, men eg har snudd. Prisen er ikkje så galen. Du lastar ned appen gratis og får testa den med å sende fem poll eller quiz til 10 vener. Etter dette må du oppgradere. For sju kroner kan du sende 25 polls til 20 personar om gangen. I praksis er det 500 pollar eller quizar. Det er ikkje dyrt. Når eg først var skeptisk til prisen, var mitt utgangspunkt at folk i snitt har 150 følgarar på Facebook og at det då vil koste mykje å sende til alle dine følgarar. Då er det heller ein svakheit at det berre er mogleg å sende til 20 personar, for dei som ønskjer å sende til fleire. Eg trur likevel ikkje dette vil vere eit hinder for appen, då det gjerne først og fremst er mindre vennegrupper som vil bruke den. Du kan sjølv velge kva Facebookvener du vil sende ein poll eller quiz til. Dei som har installert appen kjem automatisk opp som eit val du kan hake av før du sender pollen.

Korleis fungerar appen?
Den er intuitiv og enkel i bruk. Ingen grunn for meg å forklare nærare, her er ein kort og god instruksjonsvideo på YouTube.

Gav det meirsmak kan du lese meir utfyllande informasjon om Polljabber eller rett og slett teste appen. Appen er per dato kun tilgjengelig for iPhone.

Advertisements

One thought on “Eg har testa Polljabber

  1. Tilbakeping: Rubitin – appen for fotballnerder | bjornleirdal.info

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s