Slik var sosiale medier i 2013

På tide å kutte ned på sosiale medium

Har 2013 gått forbi uten at det er skjedd noko utvikling i sosiale medier? Svaret er nei, det har skjedd svært mykje om du har fulgt med i timen. Facebook har enno ikkje fått ein reell utfordrar, men vi blir stadig meir sosiale på nett og tar i bruk fleire kanalar. Brukaratferden i sosiale kanalar endrar seg.

Meir parallellbruk
Den største endringa vi ser er den auka parallellbruken av tradisjonell media og sosiale medier. Du kan knapt sjå eit TV-program utan bruk av emneknaggar og henvisning til Twitter, Instagram og Facebook. På same måte har omlag alle nettaviser deleknappar til sosiale medier under sine artiklar. Dette viser for alvor at sosiale medier har blitt rotfesta som ein integrert del av dei tradisjonelle mediene. Nokon meiner vi bør slutte å snakke om sosiale medier, då desse berre er kanalar for deling av innhold og at vi no kan kalle også dei tradisjonelle mediene for sosiale. Erik Eskedal skriv ein veldig bra  blogg om dette. Eg meiner likevel begrepet sosiale medier er så innarbeidd og er sjølve årsaka til at tradisjonelle medier er blitt sosiale, nettopp difor bør vi ikkje ta den namnedebatten.

Auka mobilbruk
Mobilbruken sin vekst har som venta fortsatt si auke i 2013. Det merkelige er at det er svært få norske nettsider som har gjort nettsidene sine mobiltilpassa for å møtte utviklinga i følge tal frå Google som Hans Petter Nygård-Hansen viser til i sin blogg. I Lotteri- og stiftelsestilsynet der eg arbeider la vi om til responsivt design på våre nettsider hausten 2012, nettopp for å møte den auka mobilbruken til våre brukarar. Eg tippar 2014 vil vere året då fleire vel å gjere det same.

Endra brukaratferd
Det er ikkje kome nye sosiale kanalar som kan utfordre Facebook sin posisjon. Likevel ser vi at stadig fleire tek i bruk fleire kanalar som supplement til Facebook. Instagram har hatt ein enorm vekst, Google+ sin posisjon er styrka, Vine er kome til og Snapchat er blitt populært. Dette er spesielt interessant då det på mange måtar ikkje er noko revolusjonerande nytt desse kanalane kjem med. Facebook har alllereie lagt til rette for bilete og videodeling, men dei nye kanalane viser at dei er betre på enkelte ting enn Facebook. Vi ser og at konkurransen blir spissa. Når Instagram tok opp konkurransen med Vine på korte videosnuttar trudde mange det var slutten for Vine. Det skjedde ikkje. Vine er framleis i vekst og videodeling har ikkje blitt den sukssessen mange hadde trudd på Instagram. Nettopp fordi folk flest ønsker å bruke Instagram til bilder og ikkje video. No ser vi  også at Instagram tar opp konkurransen med Snapchat ved å legge til rette for direktemeldingar mellom enkeltpersonar.

Kva skjer i 2014?
Det tør eg ikkje spå, då utviklinga skjer så raskt. LinkedIn sin vekst i 2013 er eg rimelig trygg på vil halde fram neste år. Dessutan blir det spennande å sjå kva som skjer med Hanna Aase sitt prosjekt Wonderloop. Det gler eg meg til å teste ut. Eg trur også Foursquare vil fortsette sin vekst og vi kan naturlig nok ikkje kome utanom Google. Google tvingar fram auka bruk grunna at søketrafikk blir gjort meir integrert med Google+. På same måte legg dei til rette for kommentarar på YouTube gjennom Google+. Vi som arbeider med kommunikasjon går definitivt eit interessant år i møte.

Godt nytt år!

Advertisements

2 thoughts on “Slik var sosiale medier i 2013

  1. Fint overblikk Bjørn. Synes det er interessant hvordan bruk av sosiale medier tilsynelatende også drives av generasjonsskiller, ikke bare funksjonalitet. Snapchat ser snarere ut til å være et alternativ til Facebook for yngre, mer enn et supplement. I hvert fall i følge denne: http://www.theguardian.com/technology/2013/dec/27/facebook-dead-and-buried-to-teens-research-finds

    Om det stemmer, så kan vi si at ungdom i 2014 har like stort behov for å gjøre noe annet enn foreldrene sine, som da du og jeg var unge.

    Godt nyttår!

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s