Kommunikasjon for leiarar og organisasjonar

PeggyBronn2

Det er tittelen på boka der Peggy Simic Brønn og Jan Ketil Arnulf er redaktørar. Eg har vore so heldig å få omtale boka og her kjem mi vurdering. Boka er ei innføringsbok i kommunikasjon som rettar seg både mot studentar på universtitets- og høgskulenivå og leiarar som ønsker å lære meir om kommunikasjon.

Kommunikasjon er ikkje berre til for kommunikasjonsfolk
Eit gjennomgåande tema i boka er at kommunikasjon er viktig for å leie.  Å kunne kommunisere godt er avgjerande for å for å lukkast med leiing. Det er også avgjerande for å lukkast med ulike endringsprosessar, etiske utfordringar og organisasjonsutvikling. Eit av hovudbodskapa er likevel at kommunikasjon ikkje berre er til for oss som arbeider med kommunikasjon i det daglige. Kommunikasjon er like viktig for andre profesjonar. Mange som studerer andre emne, trur at kommunikasjon er noko som berre skjer og lett kan nedprioriterast. Dette er lett å kjenne igjen for meg som har jobba med kommunikasjon i ulike organisasjoner. Vi ser akkurat det same i arbeidslivet. Mange har ikkje forståing for at kommunikasjon er eit fag som er viktig for heile organisasjonen. Konsekvensen er at i mange organisasjonar blir kommunikasjonsfunksjonen nedprioritert. Nettopp difor synes eg boka skiller seg frå andre lærebøker, den rettar seg like mykje mot studentar i andre emne som mot kommunikasjonsstudentar, og det trur eg er viktig for å skape forståing for kommunikasjonsfaget i organisasjonar framover.

Ei omfattande bok
Boka har 14 kapittel med mange ulike bidragsytarar og er delt opp i tre hovudtema; kommunikasjon i organisasjonar, kommunikative evner og kommunikative kontekstar. Første del handlar om grunnleggande kunnskap til kommunikasjon sin rolle i organisasjonar. Del to ser på ulike område det er viktig for leiarar å forstå og meistre for å kunne kommunisere effektivt. Den siste delen av boka tar for seg ulike kommunikative kontekstar i organisasjonlivet. Komplekse omgivelsar og samhandling mellom menneske. Det er vanskelig å summere dette i ei bokomtale, det er tre omfattande tema som kunne vore tre lærebøker i seg sjølv. Ein raud tråd er likevel at kommunikasjon er ein viktig leiingsfunksjon internt i organisasjoner. Om leiarane er i stand til å sjå kva kraft som ligg i kommunikasjon vil dette bli ein del av organisasjonskulturen og gi resultat. Boka er dessutan ei god påminning om at kommunikasjon til sjuande og sist handlar om å seie det du tenker, stille reflekterte spørsmål og lytte. Det handlar om kommunikasjon mellom menneske, og det meiner redaktørane  er eit viktig bodksap også for oss som til daglig arbeider med organisasjoners eksternkommunikasjon. For ein organisasjon er ikkje ein «ting» som kommuniserer, det er mennesker som kommuniserer ein beskjed eller eit bodskap til andre mennesker.

Dette er ei bok som vil bidra til å skape meir forståing for kommunikasjonsfaget i organisasjonar gjennom framtidas leiarar. La oss håpe den blir ein del av pensum i ulike leiarutdanningar.

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s