Nytt domene sletter din delestatistikk

Socialsharing

Eg har no installert mitt domenenavn, bjornleirdal.info, til å gjelde i alle bloggpostar. Før styrte berre domenenavnet til min URL på WordPress sine sider. Eg er ingen teknolog men er slik skrudd saman at eg er ikkje så redd for å prøve og feile på nettet, slik også denne gong. Det eg ikkje visste var at all delestatistikk på bloggen forsvann når eg gjorde endringa. Det vil seie at eg ikkje lenger kan sjå kor mange som har delt den enkelte bloggpost på Twitter, Facebook, LinkedIn og Google+.

Det er for så vidt ikkje noko stor sak, men statistikken kunne vore interessant å ha for å sjå kva bloggpostar som fungerer i ulike sosiale kanaler. Dessutan ser jo bloggen betre ut når nokon har vist interesse for ditt innhald. Etter å ha høyrt litt rundt verkar det som dette ikkje er mulig å rette opp i. Det einaste du kan gjere er å vise delingsikon ved 301-redirect til gamal URL. Problemet er at då vil nye delingar vise på din gamle URL, og ikkje på den nye.

Eg begynte først å blogge aktivt i januar 2013. Etterkvart  som bloggen vart meir lest og delt ønskte eg mitt eige domenenavn. Det burde eg i etterpåklokskapens namn gjort når eg starta å blogge aktivt. Tipset mitt er difor at tenker du å få ditt eige domene, så sett det opp med ein gong. Ingen grunn til å vente dersom du ikkje vil miste din delestatistikk.

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s