Korleis blir framtidas kommunikasjonsavdeling?

karrier-illustrasjon

Kommunikasjonsfunksjonen har fått ei stadig meir sentral plassering i organisasjonar. At fleire ser på kommunikasjon som ein leiingsfunksjon er nok hovudårsaka til det. Bak dette ligg det årevis med hardt arbeid frå bransjen mot å nærme seg ein profesjon og få aksept for faget. Public Relations har alltid hatt eit nært slektskap til marknadsføring og reklame. Seinare har andre funksjonar kome til som er naturlige å plassere i kommunikasjonsavdelinga. Framveksten av nye digitale og sosiale medier er allereie naturlig integrert som ein kommunikasjonsjobb. Corporate Social Responsibility (CSR), eller på norsk samfunnsansvar, er ein anna funksjon som gjerne blir utført av kommunikasjonsfolk. Kva med andre funksjonar som HR, service og IKT-utvikling? Vil desse fagområda kunne bli ein integrert del av kommunikasjonsfunksjonen i framtida?

IKT og kommunikasjon
Framveksten av nye digitale medier og Web 2.0 krev at kommunikatørar har behov for større kompetanse om IKT. Eller det kan for den saks skuld snuast på hovudet. IKT-folket treng meir kompetanse om kommunikasjon. Fleire kommunikasjosnbyrå slår saman kompetanse innanfor PR, webutvikling og design. Vil dette  også kunne bli ei naturlig organisering i ei tradisjonell kommunikasjonsavdeling i privat eller offentlig sektor?

HR og kommunikasjon
Internkommunikasjon er ein viktig del av kommunikasjonsfaget. Likevel er personalfunksjonen som regel knytt opp mot administrasjon og økonomi. Kunne vi tenke oss at HR vart lagt til kommunikasjonsavdelinga i framtida? Storparten av all interninformasjon handler om personalsaker og det er ingen tvil om at HR har ein nøkkelrolle i internkommunikasjonen.

Kundedialog og kommunikasjon
Kva med kundedialogen? Samspelet mellom førstelinjetenesta i eit servicesenter og kommunikasjonsavdelinga bør vere tett. Telefonsamtalar og andre spørsmål til resepsjonen bør loggførast for å kunne justere informasjon på nett. I dag er det nettsidene som er hovudgata inn i dei fleste organisasjonar, og det bør vere eit mål at kundane tar eit digitalt førsteval. Kjem det gjentatte spørsmål på telefon, kan det tyde på at informasjonen ikkje er godt nok tilgjengelig på nettsidene. Bør kundedialog knyttast opp mot kommunikasjonsavdelinga og ikkje ligge der den tradisjonelt har gjort i administrasjonen?

Bryt ned siloar
Kanskje er det ikkje nødvendig å slå saman nokon av desse funksjonane, men eg trur det er heilt nødvendig å bryte ned siloar og legge til rette for samarbeid på tvers av fagområda. Kva meiner du? Har du gode eksempel på organisasjonar, som har lukkast med å slå saman ein eller fleire av desse funksjonane vil eg gjerne høyre frå deg.

Advertisements

6 thoughts on “Korleis blir framtidas kommunikasjonsavdeling?

  1. Jeg tror du har helt rett i at det er behov for å bryte ned siloene. Men i en organisasjon må grensen uansett gå et sted. På en konferanse om krisekommunikasjon i Stockholm fortalte HR-direktøren i SAS hvordan kommunikasjonsavdelingen er en del av selve HR-avdelingen, og hvordan det hadde store fordeler blant annet i kommunikasjonen med de ansatte og omverdenen i en kritisk omstillingsfase. For min egen del har jeg masse positiv erfaring med å samarbeide på tvers av avdelinger. Bra problemstilling.

  2. Tilbakeping: Knus siloene | Hvorfor hører dere ikke hva vi sier?

  3. Interessant bloggpost som oppsummerer det varierte ansvaret kommunikasjonsavdelingen har for mange ulike oppgaver i en større organisasjon. Jeg også har vært i tvil om avdelingen bør kobles nærmere HR eller marketing gjennom mine år i SEB, ettersom fokus både har vært på intern-, ekstern- og etterhvert også sosial kommunikasjon. Tror jeg har landet på at kommunikasjonsavdelingen bør være en selvstendig stabfunksjon, med tette koblinger både mot ledelse, HR, IT og serviceavdelingen.

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s