Kan du ufrivillig bli lagt til ei Facebookgruppe?

Facebook gruppa "Lat bikkja stå i fred"

Facebook gruppa «Lat bikkja stå i fred»

I dag har eg vore i studio i NRK Sogn og Fjordane og snakka om ufrivillig innmelding i Facebookgrupper. Bakgrunnen for saka var Facebookgruppa «Lat bikkja stå i fred», som vart oppretta etter at Førde sin store kunstnar Oddvar Torsheim pryda veggen med sitt kjende kunstverk «Hunden til Psykologen» i samband med ei utstilling. I kjølvatnet av denne forholdsvis uskuldige saka er det kome opp at folk er lagt til i gruppa utan sjølv å vite det.

Blir du ufrivillig lagt til?
Vi kjenner til langt verre historier enn dette. Støttegruppa for Rune Øygard er eit bra eksempel på det. Det er sjølvsagt ikkje bra når du blir meldt inn i grupper som har sterke politiske eller ideologiske synspunkt du ikkje kan stå inne for. Men korleis fungerer dette eigentlig? Er det slik at du blir ufrivillig lagt til, eller har du eit val?

Facebook gir deg ikkje eit intuitivt aktivt val
Svaret er vel at det kjem an på kven du spør. Spør du meg er svaret tja. Spør du Facebook er svaret truleg ja. Spør du den vanlige brukar av Facebook er nok svaret sikkert nei. Det er administratorer eller andre medlemmar av gruppa som kan legge venner til i gruppa. Når du er lagt til i ei gruppe får du eit varsel (notification), som seier at du er invitert til gruppa av din venn. So far so good. Det er frå no prosessen ikkje er like bra. Når du besøker gruppa blir du automatisk lagt til som medlem, utan nokon form for varsel eller ein knapp som gir deg eit aktivt val. Det er først når du ønsker å forlate gruppa du må gjere eit aktivt val. Leite deg fram til stjerneknappen oppe til høgre og melde deg ut. Lett for oss som kan litt om sosiale medium. Ikkje like intuitivt for ein vanlig brukar.

Klaga inn for det irske Datatilsynet
Hausten 2011 klaga Mikael Hertig Facebook inn for det irske Datatilsynet. Hans utgangspunkt er at Facebook bør legge til rette for eit aktivt val for brukaren. Slik saka er framstilt tyder det på at Facebook skulle endra retningslinjer no, men det har ikkje skjedd. Kor lang dei er kome i prosessen kjenner eg ikkje til.

Her kan du høyre radioinnslaget og intervjuet med meg.

Advertisements

2 thoughts on “Kan du ufrivillig bli lagt til ei Facebookgruppe?

  1. Tilbakeping: Ny app for Facebook-grupper | bjornleirdal.info

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s