Personlig omdømebygging i organisasjonar

Sosialekanaler

Om nokon ser på din bedrift eller din organisasjon utanfrå, kva ser dei då?

  • Ein lukka eller open organisasjon?
  • Ein toppsjef som uttalar seg i media, eller fleire tilsette?
  • Er det berre direktøren som bloggar eller er det andre tilsette som deler sin kunnskap?
  • Deler dine tilsette kva som skjer i din organisasjon på Facebook?
  • Har du tilsette som er tydelige på at dei tvitrar privat ?

Eg trur at dei som ser på din organisasjon frå omverda vil synes det er eit stort pluss om det er fleire enn toppsjefen eller kommunikasjonsdirektøren som er synlige og deler av sin kunnskap. Har du tilsette som deler kunnskap og omtaler organisasjonen positivt i ulike sosiale kanalar, då har du personlig omdømebygging med gjennomslagskraft. Det er truverdig og omverda skjønar at i din organisasjon er det kjekt å arbeide. Har din organisasjon retningslinjer for sosiale medium, som er lette å forholde seg, vil det vere ein god start for at dine tilsette våger å ta steget ut i det ukjente.

Korleis gir personlig omdømebygging gjennomslag?
Korleis kan ein tilsett sitt bidrag i sosiale medium løfte organisasjonen? Dine følgarar, vener og kontaktnett i ulike sosiale kanaler ser kva du deler og dei følger med. Du kan ikkje unngå at bloggen du skriver, eller tweeten du deler etterkvart drar merksemd mot din organisasjon. Ditt arbeid er ein stor del av din identitet. Folk som ser deg frå utsida vil sjå deg både som privatperson og arbeidstakar.

Motiver dine medarbeidarar
Leiarar bør sjå på sine tilsette som sine fremste ambassadørar. Dei bør sjå på tilsette som omdømebyggarar for sin organisasjon og motivere dei til å dele sine erfaringar med andre. Det kan vere lurt å støtte dine tilsette og oppmuntre til å lage godt innhald i sosiale medium. Du har tilsett dei av ein grunn, dei er gode på det dei gjer og har ein spesifikk og verdifull kompetanse. Vis fram dine tilsette og oppmode dei til å dele sin kunnskap.

Kva er gevinsten?
Gevinsten er at det bidreg til eit betre omdøme for din bedrift, noko som igjen gjer at folk ønskjer å jobbe nettopp for deg. I den seinare tid har det kome fram at mange leiarar fryktar at tilsette er på LinkedIn. Fryktar dei at tilsette viser seg fram på LinkedIn bør dei kanskje vere enno meir skeptiske om tilsette er i fleire sosiale kanalar? Eg trur frykten er ubegrunna. Organisasjonar som tør å vise fram sin kompetanse gjennom tilsette som deler av sin kunnskap vil få større gevinst enn tap. Fleire tilsette vil skifte jobb før eller seinare, men ved god personlig omdømebygging vil du trekke til deg dei beste kanditatane i neste runde. Kva trur du?

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s