Er ditt selskap meir enn eit visittkort på LinkedIn?

LinkedIn

LinkedIn har lagt til rette for selskaper. Men kva gjer bedriftene eigentlig på LinkedIn? Er det berre eit statisk visittkort for kontaktinformasjon, eller brukes LinkedIn strategisk og effektivt til rekruttering? Etter nokre søk på utvalte bedrifter og organisasjonar ser det ut som det er fåtalet som nyttar LinkedIn aktivt.

Funksjonane er der
LinkedIn er ikkje så ulikt Facebook og Google+. Det er lagt til rette for profilbilete, selskapsinformasjon, og statusoppdateringar med både tekst, bilete og multimedia. Då gjenstår det berre å knekke koden for å nå eit publikum. Første steg er å anbefale dine følgarar om å dele di side til sine nettverk.

Kva skal delast på LinkedIn?
Spørsmålet er då korleis LinkedIn skal brukast. Kva skal delast? Blir det nok ein kanal for å dele pressemeldingar og nyheiter, eller skal det nyttast som ein kanal for berre stillingsannonser? Eg trur samspelet mellom rekruttering og selskapet sin fagkunnskap kan vere eit smart val. Å vise organsiasjonens menneske og deira kunnskap vil gjere ditt selskap attraktivt. Ein fagblogg kombinert med stillingsannonser og video om arbeidsplassen bør vere ein bra start.

Er grupper ut?
Før selksapssidene til LinkedIn vart lansert var det å opprette ei gruppe den einaste plassen bedriftene kunne vise seg fram. Framleis  er vel mange av gruppene  oppretta av selskap, slik at dei kan stå sentralt i samtalen om eit sjølvvalt fagtema. Dette synes eg høyres ut som ein klok strategi og er kanskje enklare enn å lukkast med å løfte ei selskapsside? Kan forresten eit selskap delta i ei gruppe? Eg har ikkje greidd å finne ut av det, men har du oppskrifta så blir eg glad.

Vi prøver oss
I Lotteri- og stiftelsestilsynet der eg arbeider, ønskjer vi å teste ut LinkedIn. Vi har oppretta vår selskapsside og ønskjer at dette først og fremst skal vere ein rekrutteringskanal. Kom gjerne med tips, eller del gode eksempler på bedrifter eller organisasjonar som lukkast godt på LinkedIn.

Advertisements

4 thoughts on “Er ditt selskap meir enn eit visittkort på LinkedIn?

  1. Hei,
    LinkedIn har blitt mer og mer nyttig synes jeg. I Geodata har vi hatt en LinkedIn-page(http://www.linkedin.com/company/28915?trk=tyah&trkInfo=tas%3Ageodata ) en god stund, og mer eller mindre uten innsats får vi stadig vekk flere følgere. Snart har vi flere følgere her enn i noe annet medie. Derfor har vi begynt å legge ut flere saker. Vi har også lagt inn en del arbeid i å beskrive hva vi gjør og hvordan man får jobb i Geodata. Det er vanskelig å måle effekten, men vi får i alle fall gode søkere i en bransje som har vanskelig for å få tak i nok folk.

    Vi er også aktive i grupper, og synes vi får en del ut av dette. Ved å poste til grupper, på egen profil og hos noen ansatte drar vi inn mange views til hjemmesiden.

  2. Vil gjerne dele Skagenfondene på LinkedIn! http://www.linkedin.com/company/56856?trk=tyah&trkInfo=tas%3Askagen%20fondene%2Cidx%3A1-1-1

    Jeg synes det er vanskelig å finne tonen som skal brukes der inne. Hvor mye Facebook-mas ønsker jeg når jeg besøker LI, tenker jeg, og hvor ofte vil jeg i det hele tatt se bedriftsoppdateringer i LI-feeden? Orker jeg flere smilefjes? Og er det kjipt å se kopierte innlegg (like innlegg finnes på X FB-side) på LinkedIn? (Mine svar: Nei til smilefjes, nei til direkte språk-kopi) 🙂

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s