Sosiale nettroll

Det var ein gang ein gut som likte å informere om alt mellom himmel og jord. Ja mangt og mykje syntes han det var viktig å informere om, samfunnsengasjert som han var. Han var flink og heldig guten, han hadde fått jobb som informasjonsdreng hos ein konnølbonde.  Ein dag hadde husbonden ei vanskelig sak han ville informere om og sendte drengen ut for å informere. Guten fekk i oppdrag å fortelle folket i bygda rundt at konnølet var blitt dyrare.

Først prøvde guten å informere gjennom sosiale medium. Men der var det eit stort stygt  troll som ville guten til livs. #Ølet er blitt to kroner dyrare, skreiv guten på Twitter. Trollet svara raskt. No skal eg #ete deg din gutekvalp. Guten kvapp kan skjøne, men han vart ikkje redd og lurte på om han kunne informere på andre måter for å gjere trollet til lags.

Guten prøvde seg med ein kommentar i den lokale budstikka. Ølprisane stig, då husbonden må ha meir pengar for å kjøpe korn, stod det å lese. Trollet var raskt ute igjen, denne gongen anonym. No skal eg ete deg, sa trollet i kommentarfeltet. Guten kvapp kan skjøne og lurte på korleis han skulle kunne informere utan å bli skremt av trollet som bjeffa til han kor han enn informerte.

Guten gjekk til husbonden og søkte råd. Eg trur ikkje dette er eit vanlig skogstroll, dvergtroll eller ein jotne, sa husbonden medan han patta ettertenksomt på pipa si. Utsjånaden på trolla varierer, men dei fleste troll er farlige og dumme. Dette er nok truleg det dummaste av alle troll, eit sosialt netttroll.  Dei trollar i mange variantar. Nettrolla er som aggresive hundar, dei bjeffar, gjerne i kor, utan evne til å resonnere grunna manglande mental kapasitet. Finn du kvar trollet bur vil du sjå hans sanne ansikt.

Troll bur i skogshuler, under jorda eller gjerne under ei bru hadde guten høyrt og lurte på kor han skulle byrje å leite. Han gjekk langt om lenge og kom til ei bru. Kven er det som trampar på mi bru sa trollet, å det er berre ein informasjonsdreng sa guten. No kjem eg og tar deg sa trollet, men drengen sprang det han kunne og slapp med eit naudskrik unna trollet. Dette var nok ikkje eit nettroll slo guten fast og forsatte inn i dei mørke skogar. Då han hadde gått langt om lenge og lenger enn langt og rømt frå både dvergtroll, skogstroll og jotnar opna landskapet seg og han kom til ein by.

I byen møtte guten fleire troll, både på trikken og på pub. Dei banna og krangla og klaga over alt og ingenting, mest over kor ille det stod til i Norge. Her var det ikkje vegar som gjekk an å køyre på, ikkje kunne vi spele poker, og attpåtil måtte vi stå i helsekø, eller fylle ut eit skjema for å få trygd, for ikkje å snakke om den gongen det var smørkrise! Og no skulle attpåtil ølet stige med to kroner. Endelig hadde guten funnet nettrolla. Ikkje såg dei særleg skumle ut og ikkje kunne han tru dei var særlig farlige. Han bestemte seg for å gå i dialog og forklarte med entusiasme og kløkt at skulle det bli øl, måtte vi betale litt meir, eller so ville det ikkje bli øl. Jo, nettrollet høyrte kva guten sa, og øl ville trollet sjølvsagt ha, sjølv om det var til ein rysen pris. Guten hadde knekt koden, nettrolla var mogleg å snakke med så lenge han var saklig, viste entusiasme og hadde evne til å gå i dialog med trolla. Slik vart trolla mjukare i kantane. Og snipp snapp snute så var det eventyret ute.

Sjølvsagt er det ikkje alltid slik at digitale troll går an å ha ein fornuftig dialog med, som oftast ikkje. Nokon troll er anonyme personar med sterke og sjikanerande meiningar som er umogleg å gå i dialog med. Men forsøker du likevel å gå i dialog, får du som regel andre med deg og nettrolla når då ikkje fram med sin negative bodskap. Sjølv snakkar eg av og til med troll i mitt arbeid, men ikkje dei verste trolla. Det kan vere vanskelig å definere eit digitalt troll. Kor ligg lista for å kalle det eit troll?. Er det ved sterke meiningar, provokasjon eller først når det blir sjikane og mobbing.

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s