Er Twitter dårlig til dialog?

Stadig høyrer eg folk seie at Twitter egnar seg dårlig til dialog eller diskusjon. Sjølv aktive kvitrarar og kommunikasjonsekspertar uttaler dette. Argumentet er at 140 teikn er for lite. Likevel vender dei stadig tilbake til Twitter for å diskutere. Kvifor? Fordi Twitter er den beste plattforma for diskusjon og dialog.

Litt begrepsavklaring

Ein diskusjon er ein debatt eller ei meinigsutveksling, den må ikkje vere spontan, men er etter mi meining best når den er det. Ein dialog er ofte ei pågåande meiningsutveksling for å skape forståing og utjamne motsettingar.

Miks av kanaler

Ein miks av kanaler er sjølvsagt det beste for å få maksimalt ut av din kommunikasjon. Men kommentarar på blogg er på veg ut, dei som les bloggen kommenterer heller i andre sosiale medium der du deler bloggen. Kommentarar på YouTube har aldri vore inn og på Facebook vegrar dei fleste seg for å kommentere.

Twitter skjerper krava

Twitter er definitivt arenaen for spontandiskusjon og dialog. Kravet til max 140 teikn gjer at du må vere skjerpa og spisse bodskapen og presisjonen. Skjer det ein Twitter-dialog, skjer det fort og du må henge med i tråden for ikkje å dette ut. Tar du vekk spontan og sit igjen med diskusjon og dialog, kan grupper på Facebook, Google+ eller LinkedIn vere bedre enn Twitter. Men kan du ikkje vere spontan så er det jo ikkje like kjekt å diskutere, eller?

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s