Motstand mot sosiale medium

Eg har tre eldre søstre og i helga møttes vi alle for å fordele og rydde i vår mors eigendelar. Mor tapte kampen mot kreften i fjor haust.

Å rydde i gamle ting kan vere kjekt. Fann ut at eg hadde dårleg skriftlig orden og skravla i timane i klasse 7B.

Det var ein god opplevelse, med fin stemning heile helga. Måltida tok vi på terrassen og diskuterte alt og ingenting. Til det eine måltidet diskuterte vi sosiale medium og den digitale kvardag. Sjølv er eg jo over snittet interessert i det digitale og arbeider daglig i og med sosiale medium. Slik er det sjølvsagt ikkje for alle.

I motstand 
Mi eldste søster har stor motstand mot det digitale. Ho er ikkje i sosiale medium, har knapt oppdaga internett og må ho ein sjelden gong inn på nettet for å lese e-post passar ho på å skrive e-posten ut og sette den i ringperm. Hennar syn på Facebook er at det er ein uting at alle skal vere opne og at alle andre skal kunne sjå kva du gjer til ei kvar tid.

Vurderer og passiv
Den mellomste søstra lurte no på om ho skulle opne seg ein Facebook-konto. Ho tenkte at det kanskje kunne vere nyttig å holde kontakt med gamle kjente på ein slik måte. Mi yngste storesøster som er eit år eldre enn meg, har vore på Facebook eit par år. Men ho er ikkje der likevel. Kanskje sjekkar ho innom ein gong i halvåret og har enno ikkje fått profilbilete.

Kommunikasjon og propaganda
Eg prøvde å selge inn bodskapet som best eg kunne. Nytta min kommunikasjonsfaglige kompetanse og litt skremselspropaganda. Eg fortalte om at desse nye mediene faktisk har ein nytteverdi. At du sjølv kan bestemme om du ville kommunisere opent eller lukka og sjølv velge kor mykje du vil dele. Eg messa vidare om at eg sjølv nytta det som arbeidsverkty og at sjølve gullet der ute er kunnskapsdeling. Propagandaen handla om at om du ikkje heng med i tida fell du utanfor, det sosiale nettet er kome for å bli, potensielle arbeidsgjevarar vil sjekke deg ut på sosiale medium og (skrekk og gru) e-post og sms er på veg ut. Det siste gjorde tydelig inntrykk. Dette var nesten skummelt.

Om eg lukkast med bodskapet vil tida vise. Men eg har slått eit slag for det digitale også i helga, sjølv om eg ikkje hadde tid til å vere digital sjølv. God digital veke folkens!

Advertisements

2 thoughts on “Motstand mot sosiale medium

  1. Takk for at du deler og er tilstede i de sosiale medier 🙂 Det lærer vi andre mye av! Min erfaring er også at "skremselspropaganda" funker best… hehe.. pass opp om du har tenkt å bytte arbeidsgiver!! Synd egentlig da det er kunnskap – raushet – dialog og nye spennende mennesker som er gullet som du sier. Tvi Tvi med søstrene, mine (alle yngre) har FB konto men er såvidt innom for å gratulere med dagen :)) Så vi får fortsette "propagandaen," God uke til deg også!

  2. Takk for tilbakemelding Ingfrid og takk for at du er i sosiale medium. Du bidreg med mykje kunnskap og er ikkje minst veldig raus! Ha ein god dag i propagandaens ånd;)

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s