Ei digital kulturreise

Du må jo vere på Facebook, for alle er der. Kjenner du deg igjen? Slik er det for mange, men kva moglegheiter ligg i desse nye mediene? Sosiale medium er mykje meir enn Facebook. Heldigvis!

Open kultur
Vi lever i ei tid der sosiale medium kan vere ein døropnar for å skape open kultur i og mellom organisasjonar og einsklidpersonar. Digitalisering av organisasjonar og samfunn handlar sjølvsagt om mykje meir enn Facebook. Det handler om å kommunisere på nye måtar, men endå viktigare er at vi har verktya på plass for å samarbeide, organisere og dele kunnskap på nye måtar. Spørsmålet er berre korleis teknologien skal takast i bruk.

Kulturreise

For at bedriftsleiarar skal skjøne nytteverdien av sosiale medium pågår det ein debatt om at vi må bruke ny terminologi for å få dei til å forstå. Ulike ekspertar kallar det gjerne for «social buisiness» eller «open buisiness». Ny teknologi er føretsetnaden for ein open organisasjon, men berre ein liten del av løysinga. Resten er, som all endring, ei kulturreise. Du synes kanskje det er skummelt å ta i bruk den nye digitale verda? Du er kanskje redd for at noko skal bli oppfatta feil og skade deg sjølv, eller endå verre din arbeidsgjevar?

Opne organisasjonar

Opne organisasjonar er i endå større grad enn tidlegare framtida. Ny teknologi fjernar lag i organiasjonshierarkiet. Dei tilsette står i sentrum og det opnes for kommunikasjon på kryss og tvers. Internkommunikasjonens rolle endrar seg frå å vere toppstyrt til å legge til rette for kunnskapsdeling og dialog. Du må tørre å ta verktya i bruk, så får tida vise om du lukkast.

Modningsprosess
For meg personlig har møtet med sosiale medium gitt meg svært mykje. Eg har knytt kontakt med veldig mange nye menneske frå heile landet, som byr på seg sjølv og deler av sin kunnskap. Det har vore ei spennande reise i ein digital kultur. På arbeid prøver vi oss meir fram, det er litt vanskeligare å dra nytte av det sosiale landskapet på same måte som privat. Modningsprosessen skal inkludere fleire enn meg sjølv.

Korleis tilpasse oss?

Mange kan gjerne vere trøytte av å høyre om eit hav av ulike sosiale verkty, men vi kan ikkje sjå vekk frå at sosiale medium er det nye nettet. Nettet sin kommunikasjon vil neppe gå tilbake til utelukkande statisk einvegs informasjon. Korleis skal vi tilpasse oss det sosiale nettet på best mogleg måte? Korleis kan både intern og ekstern kommunikasjon vere uformell, inkluderande og personlig, og samtidig vere nyttig for organisasjonar? Kva meiner du?
Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s