Kommunikasjon må forankrast

Kommunikasjon må forankrast

Kommunikasjon er nødvending for å leie, men i mange tilfeller blir det ikkje sett på som ein leiingsfunksjon. Resultatat blir då at få leiarar forstår kva god og effektiv kommunikasjon er.

Føringar i kommunikasjonspolitikken
Skal du og din organisasjon lukkast med kommunikasjon er det grunnleggande at kommunikasjonsfunksjonen er godt forankra i organisasjonen og ikkje minst i leiinga i organisasjonen. For statlige verksemder ligg det klare føringar for dette i Statens kommunikasjonspolitikk.

For ti månadar sidan bytte eg arbeidsgjevar frå ei statlig verksemd, til ei ny. Begge flotte arbeidsplassar med kjekke og flinke kollegaer, men forankring av kommunikasjonsfunksjonen og satsinga på kommunikasjon var som natt og dag.

Kommunikasjon eit leiaransvar
Eg har sjølv skrive masteroppgåve om den historiske utviklinga til statlig kommunikasjonsverksemd og eit av funna var at føringane for korleis ein skal utøve kommunikasjon har endra seg i tråd med store offentlige utgreiingar, som igjen har sett til sentral teori innan Public Relations. Slik har staten tatt til seg måla og prinsippa du ser i dagens kommunikasjonspolitikk.

To sentrale punkt vi kan hente fram av kommunikasjonspolitikken er:

  • at leiinga er ansvarlige for at kommunikasjon blir brukt som eit strategisk verkemiddel.
  • informasjon og kommunikasjon må vurderast på lik linje med andre verkemidler for å nå vedtatte mål og resultatkrav.
Natt og dag
På min tidlegare arbeidsplass var ikkje kommunikasjon ein funksjon leiinga meinte var viktig nok til å vere representert rundt leiarane sitt bord. Organisatorisk var det heller ikkje sett som nødvendig å kople kommunikasjon til stab under øvste leiar. Mål i overordna strategi for organisasjonen og utøving av praktisk kommunikasjonsarbeid hang ikkje heilt saman. Etterkvart kom det på plass ein kommunikasjonsstrategi som i praksis vart gøymt vekk i ei skuff. Berre ein informasjonsrådgjevar hadde kommunikasjonsarbeid som einaste arbeidsområde. For ordens skuld, alt dette kan lesast ut av offentlig tilgjengelige strategiar og organisasjonskart. Det er ikkje meint som kritikk av tidlegare arbeidsgjevar, men ei ytring om at eg er grunnleggande ueinig i å organisere kommunikasjonsfunksjonen på ein slik måte.
I Lotteri- og stiftelsestilsynet der eg no arbeider er det ei tydelig satsing på kommunikasjon og kommunikasjonsfunksjonen er godt forankra i leiinga og organsiasjonen. Vi har gode strategi- og plandokument for all utøving av kommunikasjon i organisasjonen og er heile tida opptatt av kompetanseauke og å tilpasse oss den raske digitale utviklinga og den nye mediekvardagen. Kommunikasjonsavdelinga har fire tilsette og kommunikasjonsdirektøren sit sjølvsagt i leiargruppa.
Frå tunggrodd til kreativ
For meg personlig har arbeidskvardagen endra seg  frå frustrasjon og grå hår over langsomme prosessar og manglande forståing, til eit kreativt kommunikasjonsmiljø med ei tydelig satsing på å heile tida vere i forkant på kommunikasjonskompetanse. Det skapar igjen trivsel, kreativitet, motivasjon,  idéutvikling og fornying.



Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s