Slik var det før i tida ungdom

Bildet er lånt av: Wrong HandsCartoons by John Atkinson ©2011-2013

Bildet er lånt av: Wrong HandsCartoons by John Atkinson ©2011-2013

Eg føler meg litt gamal når eg kan seie det. Men synes og det er litt tøft og moro. Inspirasjon var ein strek av John Atkinson som eg kom over på Google+.

Eg er berre 41 år, men du verden kor tida har endra seg i mi korte levetid (ungdomen meiner sikkert eg er eldgamal, men likevel). Eg huskar godt at vi hadde leksikon heime. Mange bind til og med. Eit leksikon likna ei bok. Der bladde vi opp når det var noko vi lurte spesielt på. Er du usikker på kva eit leksikon er så er det eit oppslagsverk for å finne informasjon, ja omtrent slik som Wikipedia, berre at det ikkje er basert på ein stor idédugnad. Atlas hadde vi også, og Globus. Fantastisk nyttig for oss barna når vi skulle lære om land og geografi. I dag kan dette best samanliknast med Google maps eller Foursquare.

Før var det heilt vanleg å ha bilete av nær famile på kontorpulten og for den sin del på stoveveggen. I lommeboka hadde vi bilete av kjæresten. Dessutan hadde vi eigne bøker vi noterte adressene til folk vi kjente. Kva skulle vi med slik informasjon? Jo, av og til sendte vi  eit brev eller eit postkort, attpåtil håndskrivne, gjerne med løkkeskrift for at det skulle sjå pent ut. Dette var sjølvsagt lenge før Blogg og Facebook såg dagens lys. Løkkeskrift har forøvrig ingenting å gjere med løkkefotball om du lurte på det, men det spelte vi også då eg var ung. I dag kan det kanskje best samanliknast med FIFA Manager og liknande spel, berre at vi sveitta meir før.

Vi snakka mykje i telefonen før. Den stod på ein innretning i gangen, som var eit bord med ei sittepute på. Du måtte sveive fem tal for å få kontakt med nokon i den andre enden. Skulle du ringe riks, måtte du sveive tre ekstra tal for å kome utanfor fylkesgrensene. Telefonnummera fann vi i ei stor bok, som heitte telefonkatalogen. Når vi ringde riks, snakka vi ikkje lenge for det hadde vi ikkje råd til. Ein telefon er ein liten del av det vi i dag kallar for smartphone, sjølv om den var mykje større. Forskjellen er at i dag snakkar vi ikkje så mykje i den – vi trykker mest på den.

Tidlegare skreiv vi mykje papirlappar med korte beskjedar til kvarandre. Vi hang dei gjerne opp på ei korketavle med ei nål. Ei korketavle likna litt på eit bilete, berre at det var laga av same materiale som vinkorkar for å skilje dei frå bileta. Når mor kom heim frå handletur såg ho at det hang ein lapp på tavla, med beskjed om at eg var hos naboen og var heime i god tid før leggetid. Om ho då såg den, for tavla var full av postkort og rekningar frå før. Skal vi skrive korte beskjedar i dag heng vi dei ikkje på korketavla, men på Twitter. Anna krimskrams heng vi på Pinterest.

Før i tida snakka vi til kvarandre og såg på fjernsyn saman. Fjernsyn har ingenting med synet å gjere, men kan samanliknast med dagens TV. Vi hadde rett nok ikkje fjernkontroll, det trengte vi ikkje med berre ein kanal. Vi snakka saman utan å gå ut i gangen med jevne mellomrom for å sveive på telefonen, eller ta turen bort på stovebordet for å taste litt på skrivemaskina. Det var ingen ting som heitte hashtags, vi vart samde om kva vi skulle snakke om heilt av oss sjølv. Av og til såg vi i album. Eit album såg ut som ei bok akkurat som eit leksikon og ein telefonkatalog gjorde. Mykje såg ut om bøker før i tida. Vi klarte å skilje alle desse tinga frå kvarandre om lag på same måte som ein i dag kan skilje ein dekstop frå eit lesebrett. Inne i albumet var det bilete, slik du ser på Instagram i dag. Du kan seie vi delte opplevelsar saman, utan å dele dei med resten av verda. Tru det eller ei, det var ei fin tid!

Advertisements

9 thoughts on “Slik var det før i tida ungdom

  1. Tilbakeping: Kan du blogge på nynorsk? | bjornleirdal.info

    • Takk Hans Petter:) Det kan godt hende eg var litt der når eg skreiv den. Eg er jo over snittet interessert i sosiale medier, men sv og til blir det for mykje av det gode:)

  2. Hei Bjørn! Takk for sist. Herlig med slike tilbakeblikk og øyeblikk med nostalgi. Jeg tror det er svært nyttig av og til. Som en kuriositet kan jeg nevne at mine foreldre nektet meg å ringe venner før kl 17 med henvisning til teletakstene. Leksikonbindene var forruten sitt innhold glimmrende til å presse blomster til herbariumet med.

    I dag er jeg SoMe-ansvarlig på jobben og som sådan misjonær og talsperson for den nye, digitale virkeligheten. Ha en fin dag, til fjells?

  3. Tilbakeping: Hvor smart er en smarttelefon? | Øyvind Jacobsen

  4. Tilbakeping: Eg er litt misunnelig på Oslo | bjornleirdal.info

  5. Ja, akkurat slik var det 🙂 Kjenner meg godt igjen her. En herlig bloggpost, ble i godt humør av å lese den. Og leksikonene våre står fortsatt i bokhylla, men blir nok ikke så mye brukt lenger 🙂

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s