Sosial Kommunikasjon – bokomtale

Berre ved å lese tittelen får eg trua på boka. Det handlar først og fremst om kommunikasjon i sosiale medium, ikkje om sosiale medium generelt. Boka gir auka forståing for bruken av sosiale medium, enten du nyttar kanalane privat, i arbeid eller begge deler. Du kjedar deg ikkje eit sekund ved å lese boka, den er kortfatta, poengtert og kunnskapsrik.


Ny bok: Sosial Kommunikasjon.
Lansert 23. januar 2013.

Tema og innhald

Med den den digitale utviklinga og framveksten av sosiale medium følgjer maktendringar. Nokon få misser makt til mange. Dei nye kanalane gjer det mogleg for fleire å påvirke, noko forfattarane er overtydd om at vil forsterke seg i åra som kjem. For maktspreiinga lar seg ikkje reversere, då fleirtalet av oss ønskjer utviklinga vel møtt. Sosiale medium gjer dessutan at vårt privatliv og profesjonelle liv smeltar saman i eitt. Maktendringar kan skape meir utjamning og færre skiljer, men endringane kan og skape nye skiljer mellom dei som tileignar seg digital kunnskap og dei som ikkje gjer det. Utviklinga styrkar demokratiet i form av lettare tilgjenge til å delta og kome med ytringar. Vi beveger oss frå asosial til sosial kommunikasjon og forfattarane fortel om kor viktig det er å vere personlig, invitere til samtale og gi kommunikasjonen verdi.
Forfattarane

Cecilie Staude er høgskulelektor på BI og foredragshaldar. Svein Tore Marthinsen er statsvitar, som analyserer val, norsk politikk og sosiale medium. Dei møttes sjølvsagt på Twitter. Honnør til forfattarane for ei innsiktsfull, poengtert, lettleseleg og kortfatta bok, blotta for tunge teoretiske diskusjonar.


Vurdering
Boka viser det digitale inntoget med nye medium og endringar i mediekvardagen. På kort tid har det skjedd svært mykje og tradisjonelle medium i tilnærma krise byrjar no å forstå at samspel med nye medium er viktig. Vi ser auka parallellbruk av tradisjonelle og nye medium. Dei nye verktya sosiale medium har gitt oss opnar for enklare dialog og samtale. Nyttig bruk kan styrke oss sjølv, arbeidsplassane våre og demokratiet. Sosial kommunikasjon handlar om å bevege seg frå asosial til sosial kommunikasjon. Med dette meiner forfattarane at dei nye verktya gjer det lettare å drive dialog eller sosial kommunikasjon. Eg er veldig samd i dette. Dei nye verktya er på mange måtar det ein har sakna for å drive effektiv tovegskommunikasjon, for teorien med dette som ideal i PR-faget er 30 år gamal. Paradoksalt nok er det likevel alt for mange som driv einvegskommunikasjon i sosiale medium, men stien skal tråkkast før vi kjem lett til støls, og dette vil nok gå seg til etterkvart som kunnskapsnivået aukar og nytteveriden av sosiale medium vert betre forankra i organisasjonar og bedrifter, i pressa, hos politikarane og i privat bruk.

Målgruppe
Forfattarane skriv for ei brei målgruppe. Privatpersonar, bedrifter, byråkratar, pressa, akademia og politikarar. Boka er full av gode bodskap og kunnskap om ei verd i digital endring. Eg synes dei lukkast godt, boka har godt driv og greier å gi vidarekomne nye perspektiv og idèar samtidig som eg trur den gir nybegynnaren eit stimulerande første møte med sosiale medium. 

Forfattarane avsluttar med å spørje om du vil bidra til å skape det sosiale kommunikasjonsamfunnet. Svaret er ja, eg er med. Vil du? Start med å lese boka.

Advertisements

Kom gjerne med innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s