Eg legg ned bloggen!

Etter 80 innlegg og mange titusen besøk legg eg bloggen min i skuffa. Takk til alle som har lese og holdt ut med mine innlegg som har vore både seriøse, faglege, kritiske, satiriske og mindre seriøse. Takk for støtte, delingar og gode diskusjonar. Det har vore kjekt.

Den siste tida har eg mista inspirasjon til å skrive og mange av innlegga mine har rett og slett ikkje vore bra nok. Eg veit heller ikkje heilt kven eg har skrive for. Pila har peika nedover og engasjementet har visna.

Av 80 innlegg er det få eg er veldig fornøgd med. Så kritisk må eg vere. Det er på tide å renske opp.

No skal eg bruke tid på å finne ut kva eg skal skrive om framover. For skrive skal eg i ei eller anna form når motivasjonen kjem tilbake. Kven skal eg skrive til?  Kva blir tema? Skal eg skrive på nynorsk, bokmål eller engelsk?  Vi får sjå.

Det eg skal skrive skal uansett vere  bra, ikkje halvgodt.

Bloggen min slik du kjenner den i dag er no eit avslutta kapittel. Men eg kjem tilbake i ny drakt. Du skal få vite når eg er klar!

Når sosiale media blir klistremerker og fjas

Foursquare logoIkkje alle nye funksjonar på sosiale media har særleg nytteverdi. Mange av oppdateringane som kjem i dei ulike appane er for dei spesielt interesserte, dei sære, dei barnslige eller for nerdane.

Det er spennande å sjå nye oppdateringar frå ulike sosiale applikasjonar. Ofte er funksjonane utviklarane har arbeida med gode forbetringar, men ikkje sjelden er det stikk motsett.  Her er eit par dømer.

Klistremerkebok for vaksne

Foursquare kombinert med Swarm er ein innsjekkingsapp der du kan anbefale vener gode restauranter, treningssenter, ulike attraksjonar og så videre. Det er ein mykje betre lokasjonsapplikasjon enn for eksempel Facebook sine stadstenester, men den er lite i bruk. Det veit du når du blir “Mayor of Svalbard Airport Longyear” etter å ha sjekka inn for første gong eller “Mayor of IKEA Åsane” etter å ha sjekka inn for tredje gong. Når du er Mayor får du ei krone på hovudet slik at du ser ut som ein konge. Litt barnslig eller?

Dette er ikkje den einaste premien du får på Foursquare. Du får nye merker etter kvart som du sjekkar inn fleire plassar, som du kan legge til innsjekkingane dine. Akkurat slik som barn får klistremerker når dei sluttar med smokk eller bleier.  I tillegg får du virtuelle medaljer og kan konkurrere om flest innsjekkingar i ein tidsperiode.

Etter at Foursquare vart to applikasjoner ser det ut som dette er strategien for å få nye brukarar. Målgruppa må vere slik eg forstår det nerdar (slike som meg), folk som aldri blir heilt vaksne (slike som meg) og dei med eit enorm konkurranseinstinkt (slike som meg). Men nytteverdi i dei nye funksjonane? Absolutt ikkje. Gode tips frå vener om restauranter og liknande? Berre om du har vener som brukar tenesta, dei fleste har ikkje det. Stort sett finn du berre #SoMe-nerdar på Foursquare.

Snapchat med sære oppdateringar

Snapchat logoSnapChat oppdaterte nyleg appen sin der dei no krev betalt av for at du skal sjå eit bilde på ny.

Mykje  verre var den andre oppdateringa dei kom med på same tid. Du kan ta ein sjølvie (selfie) og velje funksjonar der du for eksempel kan bli gamal, bli eit monster, eller spy ein regnboge. Så byter dei med nye variantar. Eg skjønar ikkje kva Snapchat tenker på. Det er moro omtrent ein times tid så er du lei, i alle fall eg.

No er det nok yngre folk enn meg som er hovudmålgruppa til Snapchat, men eg kan ikkje skjøne at tenesta vinn noko på desse oppdateringane. Har dette nytteverdi for brukarane til Snapchat? Eg har mine tvil. Kanskje blir eg aldri heilt vaksen, men dette vart barnslig sjølv for meg.

Det skal bli spennande å sjå korleis ulike bedrifter og mediehus som nyttar Snapchat vil ta desse nye oppdateringane i bruk. Personleg har eg aldri hatt særleg trua på Snapchat som marknadsføringskanal. Det inntrykket har no forsterka seg.

 

 

Gjer Facebook nettsida overflødig?

Facebook terningFacebook gjer det no enklare for bedrifter å drive  sal direkte frå Facebook-sida.  Det skal dessutan bli lettare å vise fram kva bedrifta di tilbyr.

Kort sagt kan du ha ditt eige utstillignsvindu på Facebook og gjennomføre salsprosessen frå sida. I tillegg kjem fleire call to action knappar for enklare kundeservice enn vi er vande med i dag.

Foreløpig er dette eit godt alternativ til tradisjonelle nettsider for små bedrifter. Kanskje er dette eit steg i retning av at dei tradisjonelle nettbutikkane etter kvart blir overflødige?

Les meir om saka på nettstaden Mashable “Facebook i s turning Pages into an online mall”.

Korleis rapportere falske konkurransar Facebook?

Korleis kan vi rapportere konkurransar som truleg er falske eller bryt med retningslinjene til Facebook? Facebook legg svært dårlig til rette for at brukarane kan rapportere typiske lik og del konkurransar med falske premiar etc. Eg har tidlegare skrive om at lik og del bryt med Facebook sine konkurranse reglar. Facebook gjorde også grep i 2014 for å gjere desse konkurransane mindre synlege. Korleis det har fungert veit eg ikkje, men når det er så vanskeleg å rapportere konkurransar tvilar eg på dei har gjort noko særleg med problematikken.

Korleis rapportere konkurransen?

Vi gjer eit forsøk. Facebook sida “Sommer og Hytte” har ingen informasjon om seg sjølv, dei viser ikkje til noko nettadresse eller registrert firma. Truleg er dette ein falsk profil som no har fått over 12.000 følgjarar på grunn av ein falsk konkurranse der “premien” er eit luksus sommarhus. Du kan vinne ved å like sida og dele konkurransen.

Ok, er du litt kjeldekritisk bør du rapportere dette som ein falsk konkurranse til Facebook. Det bør vel vere lett? Vi prøver å rapportere konkurransen.

sommerhytte 1

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi klikker på “jeg liker ikke dette innlegget” og får då opp fire nye val.

sommerhytte 2

 

 

 

 

 

 

Rapporterer du som “spam” og deretter “dette er en falsk brukeronto” får du tips fra Facebook om at det du kan gjere er å slutte å følge sida. Velger du “jeg mener dette ikke hører hjemme på Facebook” får du fem nye val, der ingen tar for seg ulovlege konkurransar.

sommerhytte3

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her vil dei fleste velge “noe annet” og då kjem det opp ei ny liste med fem nye punkt som heller ikkje passer.

sommerhytte 4

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Du må no gå tilbake (til bilde nummer 3) og prøve å velge på ny. Det du skal velge er at det er “upassende, irriterende eller usmakelig”. Først då får du lov å  rapportere til Facebook for gjennomgang, men du får ikkje legge til kva det faktisk gjeld. Du sitter då igjen og lurer på om Facebook veit kva du har rapportert. Er det berre eg som synes dette er lite intuitivt?

Korleis rapportere sida?

La oss prøve å rapportere sida. Det er kanskje enklare?

sommerhytte5

 

Rapporterer du som spam eller svindel får du også her beskjed om at du kan skjule alt frå sida. Vi prøver difor å rapportere at det ikkje høyrer heime på Facebook.

sommerhytte6

 

 

 

 

 

 

Då får du opp fire nye val som ikkje handlar om konkurransar nokon av dei. Skal Facebook gå gjennom sida må du velge “den trakasserer meg eller noen jeg kjenner”. Det passer dårlig med det du faktisk skal rapportere.

Konklusjonen er at det er så lite brukavenleg å rapportere sider på Facebook at eg tvilar på særleg mange gidder. Det er altså framleis fritt fram for ulovlige konkurransar. Så fortsett å lik og del, men ikkje forvent nokon gevinst.

Lurer du forresten på svaret frå Facebook?

sommerhytte8

 

 

 

 

 

Sosiale media er ein flopp

b2c86-social-media-istock_000016121256xsmallDer er forbløffande å registrere korleis sjølvoppnemde framtidsforskarar og dataekspertar overser det fundamentale sosiale element hos mennesket. Alle veit at vi menneske er skapt slik at vi ikkje ønskjer å forholde oss til ein PC heile dagen. Det vi ønskjer er å kommunisere med andre levande vesen. Spesielt gjeld dette menneska som arbeider med PC på jobben. Dei ønskjer slett ikkje å bruke ei maskin til å kommunisere med omverda når dei kjem heim.  Vi vil heller ikkje sitte heime og utføre jobben vår, uten kommunikasjon med eit kollegialt arbeidsmiljø. Slikt “fjernarbeid” vil difor aldri bli særskilt utbredt, men framleis vere ein ubetydelig avart.

Menneske vil alltid knytte seg til eit sosialt felles miljø, fordi det høyrer til dei basale haldningar og behov vi er skapt med. Desse vil ikkje forandre seg nevneverdig, til trass for PCèn. Når vi skal bestille bilettar eller reise, så vil vi snakke med eit levande menneske, ikkje taste på ei maskin. Når vi leiger vår video vil vi besøke utleigaren og velge visuelle omgjevnader. Shopping vil vi gjere ved å besøke eit levande miljø i butikkane, ikkje sitte heime og bestille varer. Vi greier ikkje å snakke med eksterne familiemedlemmar eller venner via ein PC, så lenge vi kan ringe eller besøke dei. Vi vil ikkje lese aviser, fag eller skjønnlitteraur ved å “bla” på ei datamaskin, men ved å kjenne boka i våre eigne hender. Vi får det vi trenger via trykte media, radio og TV.

Det var ein fleip

Orda i dei to første avsnitta er som du kanskje allereie har resonnert deg fram til, ikkje mine. Det er eit utdrag frå Leif Osvold sin kommentar i  Dagens Næringsliv ein augustdag i 1996, omskrive til nynorsk. Han har heilt sikkert fått ufortent mykje tyn for det. Til hans forsvar, var det nok mange som trudde som han den gong. Osvold var ein dårleg spåmann, men vi må sjå det i samanheng med tida vi levde i, og at få (om nokon) kunne sjå for seg den rivande medie- og teknologiutviklinga vi har sett. Det er lett å le av kommentaren i ettertid, men kanskje sat du den gong med kaffekoppen og nikka samtykkjande. Osvold er ikkje den første som har spådd feil og heller ikkje den siste.

Det eg synes er meir merkelig er at det framleis er folk som meiner at sosiale media er ein flopp. Sjølv i dag må eg overbevise enkelte om at dei har ein verdi og er kome for å bli. Eg synes dessutan det er merkelig at store deler av mediebransjen sverger til gamle forretningsmodellar der papiravisa framleis er den viktigaste. Det er berre irriterande å lese ei PDF-utgåve av papiravisa uansett om du les på mobil, nettbrett eller PC. Det er også irriterande at dei svergar til kvar si digitale betalingsløysing og  ikkje kjem opp med ei felles betalingsløysing slik musikk, film og TV-bransjen har greidd. Sosiale media har skapt ein delingskultur og er ein stor trafikkdrivar. Då kan du ikkje gøyme vekk innhaldet bak betalingsmurar med urimelig høge prisar. At Leif Osvold bomma i sin spådom den gong berre ein prosent av oss brukte internett heime, synes eg ikkje er så rart. Det er mykje verre at mediebransjen så lenge har sverga til gamle forretningsmodellar at dei no finn seg sjølv i ei mediekrise. Dei sverga til papiravisa 15 år etter Osvold sin spådom, utan å gjere særleg andre grep enn å ha ei nettavis i tillegg. Det dei i praksis gjorde var å sjå på internett og sosiale media som ein flopp, noko dei no får smertelig erfare.

Sosiale media og web 2.0 har rysta mediebransjen på ein måte dei ikkje hadde forventa. Konsekvensen er papiravisas fall og tapte reklameinntekter på nett. Sosiale media og web 2.0 er ein disruptiv innovasjon då dei er enklare, billegare og meir praktiske enn dei etablerte produkta. Dette er no mediebransjen sitt store hovudbry. Skal dei løyse utfordringa må dei aller først lausrive seg frå sine gamle forretningsmodellar.

Min Twitterflause

Det ryk litt rundt øyra. Artikkelen du skriv på skulle vore publisert, telefonen ringer, spørsmåla kjem i sosiale media og så krasjar nettsida. Eg la raskt ut ei melding på Twitter om at vi har serverproblem, men nettsida skal snart vere oppe og gå igjen.

So far so good. Når nettsida då er oppe igjen, skriv eg følgande tweet.

FlauseTweet

 

 

 

Eg ser at den blir retvitra mykje og delt med humor og satire. Fullt fortent sjølvsagt. Først blir eg litt sveitt, så tenker eg at den beste strategien er å innrømme flausa med ein god porsjon sjølvironi. Først svarar eg ut fleire tweets med min private Twitter-konto, før eg postar denne.

 

Flautweet2

 

 

 

 

Den vart raskt spreidd og slik sett fekk eg kanskje stogga flausa litt. Eg la også ut bilete av tabbetweeten på Facebook og det skapte massevis av engasjement. Mange lo med meg og kanskje nokon lo av meg:)

For meg var det naturlig å legge korta på bordet. Innhaldet i tweeten var ikkje verre en at vi kunne le av det sjølv. Men i eit anna case kunne det sjølvsagt blitt vanskeligare å handtere. Lærdomen er difor – les godt gjennom kvar melding før du publiserar. Kva synes du om måten eg handterte saka på? Kan sjølvironi brukast til å rette opp feil?

 

 

Twitter beveger seg vekk frå 140 teikn

Det har skjedd mange endringar på Twitter det siste året. Litt for mykje etter min smak. Det kan virke som Twitter prøver å nærme seg Facebook så mykje at dei er i ferd med å miste sin identitet. På kort tid har det skjedd fleire endringar, bl.a:

  • Feeden er ikkje lenger kronologisk, men filtrert.
  • Favorittknappen blir i større grad brukt som likerknapp.
  • Reklamen har gjort sitt inntog.

Det siste no er at Twitter lausriver seg litt frå 140 teikn ved at du kan kommentere andre sin tweet når du retvitrer. Tidlegare kunne du berre retvitre slik at tweeten til opphavsmann eller kvinne viste på nytt, eller eventuelt retvitre som sitat (på mobil) der du måtte holde deg innanfor 140 teikn. Etter den nye funksjonen kan du gjere dette:

Lykke til Randi                 Den nye funksjonen Twitter kom med tidlegare i veka erstatter sitatfunksjonen. No kan du retvitre andre sin opprinnelige tweet med eigne kommentarar på 140 nye teikn. Det vil seie at det du skriv kjem fram i tillegg til eit embedda bilde av opprinnnelig tweet. Det vil i praksis seie at du kan kommentere ein tweet med ein ny tweet og har slik sett dobbelt tal teikn til rådigheit.

Nokon synes nok funksjonen er ei forbetring, medan andre vil meine det motsette. Så gjenstår det å sjå om dette er starten på at Twitter etterkvart går vekk frå 140 teikn. Kva synes du om den nye funksjonen?